Prosjekt Juleglede 15.11.24: Juletida kan vere krevjande for mange. I Stad samlar lag og organisasjonar seg og mobiliserer for å kunne gi litt ekstra juleglede også i år. Oppmodinga går no ut til næringsaktørar, organisasjonar og privatpersonar; Bli med å bidra med pengar, matvarer og gåver! Les meir om samarbeidsprosjektet og korleis ein kan bidra <3
Frivilligprisen Vestland - NOMINASJON frist 15.september 2024 08.07.24: Vestland fylkeskommune sin frivilligpris skal motivere, synleggjere og verdsette frivilligheita i fylket. No kan du nominere kandidatar til frivilligprisen 2024!
Open BUA og Sommarmøteplassar, 08.07.24 04.07.24: Ungdommane som er tilsett som Sommerhjelper driftar BUA og arrangera Sommarmøteplassar for born og unge. I perioden 1.juli t.o.m 9.august er BUA open frå 11.00 - 17.00. Og ein til to dagar i veka fram til 20:00. Sommarhjelpene lagar til opne møteplassar med ulike kjekke aktivitetar kvar dag.
Påmelding - Stand på Innbyggjartreffet 2024 og deltaking på Inspirasjonssamling (for lag, organisasjonar, eigenorganiserte frivillige, tilsette, politikarar og andre interesserte i Stad kommune) 03.07.24: Velkomne til å vise fram dykkar aktivitet/organisasjon på Innbyggjartreffet i Stad 2024. I tillegg ynskjer vi å invitere til inspirasjonssamling tidlegare på dagen. Bli med du også i Operahuset Nordfjord - laurdag 31. august 2024. Tema for dagen: LA OSS INVITERE FLEIRE MED!
Sommarhjelp - Søknadsfrist 2.juni 2024 03.05.24: Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og Bufdir tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdommar i Stad kommune. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:
Bli med på Gjensidigestiftelsen sitt digitale søkjarmøte 06.02.24: Vurderer du å søkje støtte frå Gjensidigestiftelsen i år (søknadsfrist 01.03.), men er usikker på kva dei gir støtte til og korleis du søkjer? Onsdag 7. februar vert det arrangert digitalt søkjarmøte på Teams kl. 17.00. Bli med, bli med!
Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune 06.02.24: I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:
Tilskot til kulturbygg - Søknadsfrist 31.03.2024 05.02.24: Tilskot til kulturbygg - Søknadsfrist 31.mars 2024. Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar - Søknadsfrist 30.april 2024. Les meir om saka på Stad kommune si nettside.
Frivilligkveld 12.01.24: Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!
Frivillighetens dag 5.desember 05.12.23: I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.
Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang. 16.11.23: Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Utvida Svarfrist :4.desember.
Informasjonsmøte 27.11.23 - Tilskot til lokale kulturbygg 08.11.23: Måndag 27.11.23 kl. 19.00-20.30 inviterer vi til informasjonsmøte om spelemidlar og andre tilskotordningar til lokale kulturbygg/organisasjonseigde hus. Du kan delta fysisk eller digitalt – ingen påmelding.
Internasjonal fest, 13.11.23 07.11.23: Vaksenopplæringa invitera til Internasjonalfest i Selje samfunnshus måndag 13. november 17.-19. Ta med mat eller drikke frå din kultur og bli med å ferie mangfaldet. Musikk v/ Line Dybedal Åresal til inntekt for Redd Barna - barn i krig og konflikt. Gratis arrangement og ope for alle!
Nokon som vil arrangere julefeiring i lag? 06.10.23: Er det nokon som kunne tenkje seg å arrangere opa julefeireing eller andre møteplassar i adventstida, julafta eller romjula. Er det firma, organisasjonar eller privatpersonar som kunne tenkje seg eller har planer om å arrangere noko? Frivilligsentralane vil gjerne samle saman til ein aktivitetskalender for jula i Stad.
Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune 29.09.23: Det skal i perioden 30. okt. - 12.nov. gjennomførast ei kartlegging av alle frivillige organisasjonar i Stad kommune. Kontaktpersonar for lag og organisasjonar i Stad kommune vil i forkant av denne bli kontakta av Eid eller Selje frivilligsentral der ein vil få meir informasjon om kartlegginga og kvifor det er viktig å få høg svar prosent på den.
Stad foreiningsportal 22.09.23: På Stad foreiningsportal finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar. Sida er i oppstartsfasen og vil bli enda bedre til fleire som brukar den aktivt Meir info og lenke til portalen:
Frisklivssentralen arrangerer kvardagsgledekurs! (18 år og opp) 21.09.23: Kurset passar for folk over 18 år som ynskjer å ta grep om kvardagen. Kvardagsglede handlar om kva som skapar gode kvardagsopplevingar og det bidrar til å styrke di psykiske helse. Kurset handlar om korleis du, med fem grep og konkrete øvelsar, kan oppleve auka kvardagsglede. Kurset går over 6 kursdager, torsdagar kl. 12.30 – 15.00 frå 19. oktober til 23. november i Selje. Vi planlegger for kursrekker 2 ganger i året, annankvar gang i Selje og på Nordfjordeid.
STERK OG STØDIG - TRENINGSGRUPPE FOR SENIORER 17.08.23: Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere treningsgruppa Sterk og stødig Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.
Sommarjobb for ungdom 14 - 20 år 15.05.23: Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidige-stiftelsen, Helsedirektoratet og Bufdir tilbyr omlag 25 ungdomar sommarjobb i 2 veker i sommar. Søknadsfrist 4.juni. Vi tilbyr og gratis CV skrivarkurs.
Inspirasjonssamling for lag og organisasjonar og Innbyggjartreff , 26.08.23 20.04.23: Laurdag 26.08.2023 er det klart for innbyggjartreff i Operahuset Nordfjord, der frivilligheita i Stad og kommunen møter innbyggjarane. Vi håpar at så mange frivillige organisasjonar som mulig vil ha stand i Operahuset denne dagen. Vi har eit stort mangfald av organisasjonar som tilbyr ei mengde frivillige aktivitetar og sosiale møteplassar. Vi har lyst til at de skal vise dette fram! Det blir også mulig for lag og organisasjonar å delta på ei inspirasjonssamling før innbyggjartreffet. Klokka 14.00 opnar dørene for publikum/innbyggjarane. Sjå program og finn lenke til påmelding til inspirasjonssamlinga og stand: (Påmelding gjeld kun for lag og org. )
Velukka frivilligkveld 23.03.23: Det var god stemning, varierte inspirasjonsinnlegg og mange gode spørsmål og innspel på dialogmøte mellom frivilligheita og kommunen.
Frivilligkveld Onsdag 22.mars #Bryggja 20.02.23: Til alle frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune. Bli med på frivilligkvelden på Bryggja onsdag 22. mars kl. 17.30 - 20.30. Dette vert ein inspirerande kveld der vi ønskjer å samle breidda av frivillige organisasjonar i Stad og skape god dialog mellom organisasjonane og mellom organisasjonane og kommunen. Sjå meir info og finn lenke til påmelding nedanfor.
Sterk og stødig 20.02.23: Her kan du sjå treningstider og meir info om balanse- og styrketreningstilbodet tilpassa seniorar.
Språk kafe, 31.01.23 25.01.23: Ope for alle. Ta gjerne med barn, barnebarn, anna familie, venn eller nabo:) Målet er møte mellom menneske. Ein snakkar det språket ein kan.
Bli med å arranger Den store klesbyttedagen 22. april 2023 13.01.23: Naturvernforbundet inviterar til å vere med å arrangere Den store klesbyttedagen den 22. april 2023 Her kan du lese meir og melde deg på:)
Vil du, ditt lag/organisasjon vere med å starte bruktbutikk i Selje? 13.01.23: Selje Sanitetsforeining har i samarbeid med Selje frivilligsentral planer om å starte ein bruktbutikk i Selje. Vi treng fleire samarbeidspartar for å få dette til på ein god måte.
Julehelsing frå Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral 22.12.22: Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral tek no juleferie. Det har vore ei hektisk førjulstid og vi har vore aktivt involverte i 4 store juleprosjekt retta inn mot lavinntektshushaldningar i Stad kommune. Vi vil med dette rette ei stor takk til alle som har bidrege med gåver, pengar, frivillig innsats og administrativt samarbeid.
Gratulerer med frivillighetensdag 5.desember 05.12.22: Frivilligheita sitt år 2022 er snart over og i dag, 5 desember feirer og markerer vi frivilligheita sin dag! Selje frivilligsentral og Eid frivilligsentral vil med dette gratulere og takke alle eldsjeler og frivillige lag og organisasjonar for alt det viktige arbeidet de gjer for og i lokalsamfunnet vårt. Vi oppmodar alle til å sende ei takk eller ei merksemd til frivillige som har betydd noko for deg. Vi ynskjer å takke alle frivillige, store og små. Takk for at de skaper møte mellom menneske, levande bygder og bygde-/kulturhus, aktivitetar og tilbod, liv og røre. Frivilligheita byggjer gode samfunn og skaper utvikling, glede og meining i livet.! Takk <3 Under kan du finne lenke til to ulike premierer som kom ut i dag på frivilligheita sin dag. Du finn også lenkje til å følgje den nasjonale markeringa i Oslo.
Bli med på markeringa av Frivillighetens dag 2022 du også 02.12.22: Måndag 5. desember er frivillighetens dag. Dagen vert markert i Oslo med fagdag og festarrangment med m.a. utdeling av den nasjonale Frivilligprisen 2022.. Du treng ikkje reise heile vegen til Oslo for å bli med. Sjå heimafrå på pc, sett på storskjerm i klubbhuset? Eller kom innom å sjå konferansen på frivilligsentralen, Nabben 80.
Gratisbutikk, 28.11.22 23.11.22: Selje frivilligsentral, Selje sanitetsforeining, biblioteket, kyrkja og pilgrimsenteret har i samarbeid samla inn fint brukte kle og laga til ein gratis butikk. Det vil bli sal av kaffi og kake og moglegheit å lage julepynt av gjenbruk. Ei av Sanitetsdamene stiller også med symaskin og kan justere plagg om det er behov. Butikken er open første veka i desember og kanskje lenger. Takk til alle som har levert inn kle, sko og leikar og velkommen til alle!! Vi har julemusikk og god stemning.
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar 22.11.22: Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltake no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver.
Prosjekt Juleglede 22.11.22: Frivilligsentralane i Stad kommune har i samarbeid med Røde kors og andre frivillige lag og organisasjonar og handelsnæringa, ulike juleprosjket. Les meir om dei her og korleis du kan bidra.
Språk kafe hausten 2022 14.09.22: Vi starta opp att med språk kafe ! For alle! Tema: Vi deler våre tradisjonar. Her er og spel, ope BUA, kaffi, te og noko attåt. Ta med deg ein venn, born , mor eller bestefar og kom :)
Velkomne til ALLEMED-dugnad i Stad kommune!, 03.09.22 25.08.22: Korleis kan vi inkludere alle born og unge i fritidsaktivitet? No inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane til ALLEMED-dugnad i Operahuset Nordfjord laurdag 3. september kl. 10.00 - 12.30. Dette er ein tverrfagleg dugnad mellom kommune, frivillige, andre aktivitetstilbydarar, ungdom og foreldre der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, bevisstgjering og å finne løysningar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar. ALLEMED-dugnaden skjer i forkant av Innbyggjartreffet same dagen.
Bli med på innbyggjartreff og ALLEMED-dugnad 3. sept! 23.08.22: Laurdag 3. september inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane lag, org. og innbyggjarar til treff i Operahuset Nordfjord kl. 14.00 - 16.00! Bli kjende med frivillige lag og organisasjonar/fritidsaktivitetar i Stad, kakefest, gratis kino m.m. På føremiddagen same dag inviterer vi til ALLEMED-dugnad. Lag og organisasjonar som stiller med stand på innbyggjartreffet og som deltek på ALLEMED-dugnaden må melde seg på. Elles er det ope hus på Innbyggjartreffet! Skyss blir sett opp v/ behov ( Obs påmelding der og!)
CV-kurs på Teams: Lær å skrive ein god søknad 27.05.22: Alle som vil søkje på sommarjobbprosjektet til Eid og Selje Frivilligsentralar/ Gjensidigestiftelsen/ Stad kommune må lage ein CV for å kunne søkje jobb. Dersom du ikkje veit kva ein CV er eller korleis du skriv ein CV, så arrangerer vi 2 CV-skrive kurs på Teams. Målgruppe er Ungdom i Stad kommune mellom 14 og 20 år.
Utlysing av Sommarhjelpjobbar 2022 27.05.22: Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral har vore så heldige å få tildelt kr. 300.000,- frå Gjensidigestiftelsen til å kunne tilsette Sommarhjelper også i 2022. Ei sommarhjelp er ein ungdom mellom 14 og 20 år med folkeregistrert adresse i Stad kommune. Sommahjelpene dette året skal fortrinnsvis skape sommarmøteplassar for andre born/unge. No lyser vi ut stillingane. Søknad skjer på elektronisk skjema. Søknadsfrist er fredag 10. juni.
Nordfjord Frivilligfestival, 22.06.22 18.05.22: Nordfjord Frivillligfestival . Her blir det aktivitetar, god mat og herlige møte mellom mennesker, lag og organisasjonar :) Vil du vere med å ha stand , aktivitet, matservering, underhaldning, utstilling eller anna? Ta kontakt med din nærmaste frivilligsentral:)
Gratis kurs i kart og kompass med orientering, 03.05.22 26.04.22: Arne Seljen kjem og lærer vekk kunsten om å lese og forstå kart og bruke kompass. Først blir det ei teoretisk del, so er det ut å teste kunnskapene i praksis. Vi har nokre kart og eit par kompass. Ta med om du har. Ellers får vi berre dele og vere på lag Velkommen :) ( kart i 1: 50.000)
Vil du bidra i arbeidet med å ta i mot flyktningene frå Ukraina? 25.03.22: Stad kommune skal ta imot 140 flyktingar frå Ukraina. For å få til dette på ein god måte er det viktig at ein bidrar der ein kan. Her kan du halde deg oppdatert over situasjonen. Kva som trengst av hjelp og korleis du kan bidra. Og kontaktpersonar i Stad kommune.
Kick-Off Frivilligåret i stad 2022 - her finn du opptak av streaminga 22.02.22: Kick-off Frivilligåret i Stad 2022 Onsdag 9. mars kl. 19.00 - 21.00 Sjå heile opptak her:
Sykkelturen og Nordfjord Frivilligfestival 2022, Nordfjordeid, 22.06.22 21.02.22: Har du, ditt lag/organisasjon lyst å vere med å feire frivillighetens år? Bli med på sykkelturen og Nordfjord frivilligfestival 22.juni. :) Les meir og sjå korleis du som frivillig/organisasjona/kommune eller næringsliv kan vere med!
Samtykke skjema til signering 10.02.22: Vi samlar inn opplysningar for å kunne tilby best mogleg sørvis til våre frivillige lag og organisasjonar.
Midlar til Vår dag 24.01.22: Ein del organisasjonar eller foreningar kan søkje om midlar til å markere Frivillighetens år med eit VÅR DAG-arrangement. Slik gjer du det, i 8 enkle trinn:
Bli med på gratis webinar - Aktiv saman 11.01.22: Aktiv saman - Inkludering og mangfald i idrett og friluftsliv – Styrking av frivilligheita Sted: Teams Når: 24. januar Tid: kl. 14.00-15.45
Prosjekt i frivilligsentralane i Stad kommune gav over 30 ungdommar sommarjobb. 25.08.21: Midlar frå Gjensidigetiftelsen og fylkesmannen i Vestland og ikkje minst eit godt tverrfagleg samarbeid, fekk Stad kommune med frivilligsentralane i spissen, sysselsette 30 ungdomar i alderen 14 - 20 år, i ulike sommarjobbar rundt om i kommunen.
Tilskot for arrangement og aktivitetar som er påvirka av Covid-19 pandemien 12.07.21: Det er gjort endringar i ordninga for tilskot for arrangement eller aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien. Perioden for ordninga er utvida til 31. oktober Søknadsfristen er utsett til 15. november
Sommerjobb for ungdom mellom 14 og 20 år! 10.06.21: Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen tilbyr inntil 20 ungdomar betalt sommarjobb i 2 veker i sommar! Arbeidstid 6 timar pr. dag måndag til fredag. Arbeidsstadar: Nordfjordeid og Selje Søknadsfrist: Måndag 21 juni. Oppstart frå veke 26.
To ordningar for frivilligheita er no opna for søknadar: 04.06.21: 1. den generelle momskompensasjonsordninga. 2. koronaordning for arrangement og aktivitet. Les meir om ordningane i artikkel
Påsketurnering i sjakk - På nett 23.03.21: Sjakk og Samfunn arrangera sjakkturnering på palmesøndag 28.mars kl.: 14:00 - 15:30 Heilt gratis:) og ikkje minst koronasmittefritt!
Råd for gjeldande smittesituasjon pr 10. mars 2021 10.03.21: Råd for gjeldande smittesituasjon pr 10. mars 2021
Nyttig informasjon til deg som vil starte ei foreining 21.01.21: Har du lyst å starte eit lag, foreining/ organisasjon ? Her finn du den informasjonen du treng. Ta gjerne og kontakt med Selje eller Eid frivilligsentral om du lurer på noko og/ eller for å informere oss. Vi er veldig interessert i å høyre kva du og ditt kommande lag/foreining driv eller skal drive med :)
Nyheit og verktøy for lag/org som jobbar med born og unge! 18.01.21: Vil du rekruttere flere barn og unge til fritidsaktivitet i din organisasjon? Nå lager frivilligheten en nasjonal oversikt over alt som er gøy å være med på for barn og unge, og vi vil ha med DIN organisasjon! Bli med på Digitalt møte 21.januar eller 15. februar kl.: 13.00
Online sjakkkurs i januar og februar 14.01.21: Sjakk & Samfunn og Mental Helse Norge arrangera gratis online kursrekker i sjakk i alle Norges fylker frå slutten av januar til midten av februar. Dette er ein unik muligheit til å lære om sjakk på ein morosam måte og til å bli kjent med andre gjennom sjakkspeling.
GÅVE TIL EIN UKJEND 10.12.20: Vil du vere med på julegåve prosjektet? Eit prosjekt med mål om at alle skal få ei julegåve å opne på julafta og/eller skal få muligheit til å gi noko til sine nærmaste. Vi i prosjektet samlar inn gåver som igjennom vårt samarbeid blir gitt vidare til personar og familiar i Nordfjord.
Markering av FNs internasjonale dag for frivilligheit 29.11.20: Den 5.desember er det FNs internasjonale dag for frivilligheit. Vi ynskjer å markere denne dagen! Bli med å del kva du/ditt lag/organisasjon driv med:) Du kan også dele og skryte av andre sin frivillig innsats som har betydd mykje for deg og /eller ditt lokalsamfunn.
Online sjakkturnering 13.desember 23.11.20: Sjakk og Samfunn invitera heile Norge til ein stor online sjakkturnering på søndag 13. desember kl. 13.00. Turneringa er open for alle uansett nivå og alder, og du treng ikkje å ha spelt turnering før for å være med. Dei loddar ut fleire fine premia i løpe av turneringa blant annet eit brett i tre signert av verdensmester Magnus Carlsen.
Informasjon om smittevern og tilskot til musikk, kunst og kulturaktivitetar 16.09.20: Her kan du laste ned smittevern plakat for musikk øvelser og finne anna nyttig informasjon. Her ligg og link til ny tilskotsordning til kunst og kulturaktivitetar.
Frivillige lag og organisasjoner kan søke momskompensasjon 19.05.20: Frivillige lag og organisasjoner kan søke momskompensasjon Frå i dag kan frivillige lag og organisasjonar søke om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele 1,685 milliardar kroner i momskompensasjon. Søknadsfristen er 1.september, men fleire lag og organisasjonar må sende søknad via sentralleddet som ofte har frist tidlegare. Hugs at alle som søkjer må vere registrert i Frivilligregisteret.
Sponsor, tilskot og gåvemidlar til lag og organisasjonar i Stad kommune. 19.05.20: Stad kommune har i samarbeid med Munikum laga årshjul for lag og organisasjonar i Stad kommune.
BUA Selje 15.05.20: Avtale er signert med BUA. Og vi skal no sette oss i sving med å få BUA opp å gå før sommaren. Vi tar gjerne imot hjelp frå frivillige:)
Tilskotsordning for frivillige organisasjonar som jobbar for og med barn og ungdom i Stad kommune 14.05.20: Retail Eiendom AS med Rema 1000 og Wenaas Kapital AS er ein av aktørene innen næringsutvikling på Eid. Selskapet jobbar aktivt med utvikling av Eid Næringspark. Jan Petter Larsen og Magne Jan Vik i Retail Eiendom AS ønsker å gi kr. 100.000,- til lokale frivillige organisasjonar som jobbar for og med barn og ungdom. Representerer du ein organisasjon eller eit lag som trenger støtte? Har du eit prosjekt eller ein god idè som kan bidra til fellesskapet der du bor eller skaper aktivitet for barn og ungdom? Vi vil oppfordrer deg til å søke støtte hos oss.
Viktige linkar til informasjonskjeldar i smittevernet 06.05.20: Retningslinjene ein må forhalde seg til i forhold til smittevern forandra seg ofte. For å halde seg oppdatert på den rette og ferskaste informasjonen er det her samla linkar til sider som er oppdaterte til ei kvar tid. Har du spørsmål om og korleis du/ditt lag kan arrangere ulike aktivitetar/ arrangement kan ein lett få hjelp og svar med Rådgjevingsteneste Stad kommune 910 07 708 - e-post: korona@stad.kommune.no
Webinar for lag og organisasjonar 5. mai kl.: 18:00 05.05.20: I lys av den svært uvanlege situasjonen vi står oppe i, ønskjer Stad kommune å bidra med nyttig og praktisk informasjon for lag, organisasjonar og aktivitetstilbydarar innan frivilligheit, kultur og idrett. Vi inviterer til eit webinar der vi vil sjå nærare på: - gjeldande reglar og retningslinjer som påverkar dine aktivitetar. - tilskots- og kompensasjonsordningar. - alternative måtar å drive aktivitet på.
Gratis sjakk turnering & Sjakk Webinar 28.04.20: Sjakk & Samfunn jobba for å skape fleire møteplassar og gjere sjakk tilgjengeleg for fleire. I disse tider er behovet for eit godt nettilbod stort. Sjakk & Samfunn har derfor ein rekke ulike tilbod i vekene framover.
Gratis online sjakkturnering 22.april 06.04.20: Ny sjakkturnering! Open for alle uansett nivå! Turneringa er i dag kl. 12.00
Bli med på Gratis online sjakk turnering! 31.03.20: Sjakk og samfunn invitera til ny sjakkturnering som er open for alle uansett nivå! Turnerina er fra 14.30-16.00 på onsdag 1. april. Det er mulig å melde seg av når ein vil under turneringen. Ein treng ikkje binde seg til å være med heilt fram til klokka 16.
Til lag, organisasjonar og egenorganiserte frivillige 27.03.20: Eid frivilligsentral og Selje frivilligsentral ynskjer å invitere frivillige, lag og organisasjonar til samarbeid vedrørande hjelpetiltak i høve koronasituasjonen. Vi har tett dialog med kommuneleiinga og får regelmessig oppdatering på behov og status. Frivilligsentralane koordinera tiltak blant anna ut i frå dette og etter helsedirektoratet sine retningslinjer.
Open oline sjakk turnering 17.03.20: Onsdag 18.mars kl.: 12.00 - 14.00 kan alle som vil vere med på gratis online sjakk turnering.
Tilskotsportalen 25.02.20: Alle lag og organisasjonar i Stad kommune har tilgang til Tilskotsportalen. Eit verktøy som gir ein lettare tilgang til eksterne midlar.
Kurs i Tilskotsportalen 03.01.20: Nye Stad kommune, i samarbeid med Tilskuddsportalen, inviterer med dette frivillige lag og foreninger i kommunen til et inspirerende kurs i bruk av nettstedet Tilskuddsportalen. Dato: Onsdag 15.januar kl 1800-2000 Sted: Bryggja Grendahus Pris: gratis
Tilskotsportalen 07.11.19: Alle lag og organisasjonar registrert i Selje kommune har no fått tilgang til Tilskotsportalen! Her er det masse pengar å hente til gode prosjekt!
Kulturnatt 05.11.19: Igjennom eit flott samarbeid mellom mange lag, org, frivillige og kommunane i Nordfjord blir det eit allsidig og spennande program 8. -10. november.
Innbyggjarfest 26. oktober 10.10.19: Vi inviterer til arbeidsverkstad, stands og aktivitetar med lag og frivillige organisasjonar i Selje, Bryggja og Eid, det blir kulturell underhaldning, ope bibliotek, gratis barnekino og kakefest! Lag og org. som ønskjer delta på arbeidsverkstad og/eller stand kan melde seg på via lenka i arrangementet. Arrangementet er gratis for alle. Sjå her for program og påmelding :
Lokal seniorkonferanse 24.oktober 03.10.19: Ergoterapeutar i nye Stad kommune inviterer til seniorkonferanse i Selje IL Klubbhus. 24.oktober kl.: 10 .00- 14.00. Målgruppe 65 + andre interesserte. Konferansen er gratis!
Frivilligtreff og språkkafe 4.oktober 20.09.19: Då er hausten komen, og vi ynskjer vel møtt til Språk- og frivilligkafé. Selje bibliotek klokka 16.30 - 18.30
Gratis konferanse for frivillige 18.09.19: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Frivillighet Norge inviterer til konferansen Kommunar og frivilligheit i samspel tysdag 19. november på Gloppen hotell, Sandane. Påmeldingsfrist 4. nov.
Tips til god søknad 13.09.19: Vil du lære meir om kva som skal til for å skrive ein god søknad? Lære meir om Sparebankstiftinga sine ordningar og spelemiddelordninga? Få tilgang til gode malar til diverse vedlegg? Då kan du lese meir her:
Tv Aksjonen - CARE 11.09.19: 20. oktober er det TV-aksjonen for Care Norge. Selje sin kommunekomité består av Gerd Endal i Selje sanitetsforeining, Magnhild Sjåstad Kongsvoll og Hildegunn Hagen i Kjærringa husflidlag. Frå Selje kommune er Jan Vidar Smenes og Stein Robert Osdal representert. No starter vi planlegginga og det største arbeidet er å skaffe nok bøsseberarar. Ynskjer du å hjelpe til, meld deg som bøsseberar på https://blimed.no/boessebaerer/ eller ring Selje kommune på 57858500.