Middagskøyrar Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)
BUA Selje Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Frivillig vaksen på ungdomstreff Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?
Språk kafe Språkkafeen er ein møteplass og eit tilbud til deg som vil praktisere norsk. Det er og ein ypparleg sjanse for "gamle" og nye innbyggjarar å bli kjent med kvarandre, få trent på språk og lære meir om kvarandre sine kulturar. Språkkafeen er for alle i alle aldra, er gratis og krev ingen påmelding.
Stad Foreiningsportal På Stad foreiningsportal finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar. Sida er i oppstartsfasen og vil bli enda bedre til fleire som brukar den aktivt Meir info og lenke til portalen:
Sterk og Stødig Sterk og Stødig i Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere Sterk og stødig treningsgrupper. Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.
Vil du engasjere deg i lokalt frivilliheitsliv? Har du har litt ledig tid eller ynskjer du å ta deg tid til å vere frivillig? Å vere frivillig er ein vinn vinn der ein gjer noko betydningsfullt for seg sjølv og andre.