Gratulerer med frivillighetensdag 5.desember

Frivilligheita sitt år 2022 er snart over og i dag, 5 desember feirer og markerer vi frivilligheita sin dag! Selje frivilligsentral og Eid frivilligsentral vil med dette gratulere og takke alle eldsjeler og frivillige lag og organisasjonar for alt det viktige arbeidet de gjer for og i lokalsamfunnet vårt. Vi oppmodar alle til å sende ei takk eller ei merksemd til frivillige som har betydd noko for deg. Vi ynskjer å takke alle frivillige, store og små. Takk for at de skaper møte mellom menneske, levande bygder og bygde-/kulturhus, aktivitetar og tilbod, liv og røre. Frivilligheita byggjer gode samfunn og skaper utvikling, glede og meining i livet.! Takk <3 Under kan du finne lenke til to ulike premierer som kom ut i dag på frivilligheita sin dag. Du finn også lenkje til å følgje den nasjonale markeringa i Oslo.

Den nasjonale markeringa av 5. desember
Her finn du lenke til miniserien frå sykkelturen 2022 og lenke til ei splitter ny handbok for frivillige i helse og omsorg.
og ikkje minst lenke til å følge/bli med på den nasjonale feiringa i Oslo.

Klikk her for å lese meir om program og melde deg på til digital deltaking 

Miniserie om Frivilligsentralane i Norge (filmen om Sykkelturen 2022)
Nordfjord hadde besøk av sykkelturen 2022 den 22.juni, og vi var etappe nr. 33 nasjonalt. Vi er svært spente å sjå film frå vår sykkeltur og Nordfjord frivilligfestival. Det er laga 5 filmar frå sykkelturen som kvar på sin måte set lys på frivillig arbeid og frivilligsentralane i heile Noreg. Her er premieren av miniserie om frivilligsentralane i Norge 🤩🥳

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral