Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

Det skal i perioden 30. okt. - 12.nov. gjennomførast ei kartlegging av alle frivillige organisasjonar i Stad kommune. Kontaktpersonar for lag og organisasjonar i Stad kommune vil i forkant av denne bli kontakta av Eid eller Selje frivilligsentral der ein vil få meir informasjon om kartlegginga og kvifor det er viktig å få høg svar prosent på den.

I telefonsamtala ynskjer å få gitt ein kort informasjon om kartleggingsundersøkinga og oppfordre om å delta slik at vi får ei oppdatert og grundig oversikt over korleis frivilligheita i Stad kommune har det. Det er også ein fin anledning til å bli betre kjent og dele nyttig informasjon og stille spørsmål om ein har.

Det er Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll som på oppdrag frå Stad kommune skal gjennomføre sjølve kartlegginga.
Kontaktpersonar for laget vil få epost med nokre spørsmål ein skal besvare. Spørsmåla dreiar seg om kva vi har av lag og foreiningar: I tillegg vil spørsmåla omhandletema som rekrutering, samarbeid, økonomi, lokale, mål og hindringar. Spørjeskjema vil ta ca. 20-25 min å fylle ut.
Kartlegginga vil skje frå 30. oktober til 12. november.

Dersom organisasjonar har spørsmål eller treng hjelp til utfyllinga vil Frivilligsentralane vere tilgjengelege på telefon og epost i heile denne perioden for å kunne bistå.

Kartlegginga vil munne ut i en rapport basert på organisasjonane sine svar og blir grunnlaget for vidare samarbeid om ny frivilligpolitikk frå 2024 .  

Det er og ein ypparleg sjanse for innbyggjarane, organisasjonane sjølve og kommunen å få betre oversikt over kva vi har og kva vi kan gjere i lag. Det vil også gjere det lettare å nå målet i Frivilligpolitisk plattform om at det skal vere enkelt å vere frivillig i Stad.

Det å delta på kartlegginga er såleis meget viktig for lokal frivilligheit og lokalsamfunnet vårt.

Oversikta over lokale lag og organisasjonar og deira kontaktpersonar er henta ut i frå Brønnøysundregisteret og frå Stad foreningsportal.

Vi oppfordrar alle om å halde den informasjonen oppdatert og/eller ta kontakt med frivilligsentralen ved spørsmål eller informasjon.

Stad Foreningsportal finn du her: https://stad.foreningsportal.no/foreninger


Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral