Julehelsing frå Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral

Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral tek no juleferie. Det har vore ei hektisk førjulstid og vi har vore aktivt involverte i 4 store juleprosjekt retta inn mot lavinntektshushaldningar i Stad kommune. Vi vil med dette rette ei stor takk til alle som har bidrege med gåver, pengar, frivillig innsats og administrativt samarbeid.

107 matkasser er finansiert, handla inn til, pakka og omdelt. Eit fantastisk samarbeid mellom Eid Røde Kors, Selje Røde Kors, daglegvarebutikkane, Nordfjordeid sanitetsforening og andre engasjerte eldsjeler + alle som har bidrege med penngegåver og matvarer i handlekorger.
 
 Eid Røde Kors omsorg har kjøpt inn 191 gåvekort til born i lavinntektshushaldningar. Desse er omdelt gjennom mange ulike kommunale tenester i Stad.
 
Over 100 ønskjetreønskjer er innfridd og over 500 innkomne julegåver er no klare til å bli pakka opp av sin ukjende mottakar på julafta. I samband med julegåveprosjekta vil vi rette ei takk til alle privatpersonar og bedrifter som har gitt gåver/gåvekort, Filadelfia Stad, Stadlandet skule, Selje sanitetsforening, Hove aktivitetssenter, Uniformspartner og Alti Nordfjord og alle kommunale tenester som har kartlagt gåveønskjer. Desse tenestene har vore heilt fantastiske i arbeidet med å nå ut til så mange som mulig med alle dei prosjekta vi har nemnt ovanfor.

Vi er også takksame for alle våre eigne frivillige som står på dag ut og dag inn for å gjere ein innsats i ein aktivitet dei er glade i og engasjerte for. I jula/romjula og nyttårshelga vil det m.a. vere 1-2 frivillige middagskøyrarar ute i teneste kvar dag, og engasjerte Stadvennar vil gjere ein innsats for at busette flyktningar får ei kjekkare julehelg/romjul.
 
 Til slutt vil vi takke alle frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune for den innsatsen de gjer heile året. De skaper trivsel, moro og lokalt samhald. Tusen tusen takk!

Med dette vil Eid Frivilligsentral v/Astrid Grete og Selje Frivilligsentral v/Maria ønskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!


Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral