Utlysing av Sommarhjelpjobbar 2022

Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral har vore så heldige å få tildelt kr. 300.000,- frå Gjensidigestiftelsen til å kunne tilsette Sommarhjelper også i 2022. Ei sommarhjelp er ein ungdom mellom 14 og 20 år med folkeregistrert adresse i Stad kommune. Sommahjelpene dette året skal fortrinnsvis skape sommarmøteplassar for andre born/unge. No lyser vi ut stillingane. Søknad skjer på elektronisk skjema. Søknadsfrist er fredag 10. juni.

Vi tilbyr minst 20 ungdomar sommarjobb i 1-3 veker i sommar. Arbeidstid 6 timar pr. dag hovudsakleg måndag til fredag.

Sommarhjelpene skal skape sommarmøteplassar for born/ungdom i BUA EId/Selje og på sosiale møtestader.

Sommarhjelpjobbar i helse- og omsorg og andre stader i Stad kommune kan også bli aktuelt. Her ventar vi på svar på nokre andre prosjektsøknader før vi veit sikkert om det blir.

Arbeidsstadar for sommarhjelpjobbane er Nordfjordeid og Selje.

Du som søkjer:
- er ein ungdom som er fødd mellom 2002 - 2008 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune.
- er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis.
- er ein ungdom som er kreativ, serviceinnstilt, likar å organisere aktivitetar og likar å bli kjend med og prate med nye folk.
- vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb.
- må lage ein CV når du søkjer.

Søknadsfrist er fredag 10. juni. 

Du må bruke digitalt søknadskjema for å kunne søkje sommarhjelpjobb. Søknadskjema finn du her:

Digitalt søknadsskjema - Sommarhjelp 2022

CV-kurs:
Dersom du ikkje veit kva ein CV er eller korleis du skriv ein CV, så arrangerer vi 2 CV-skrive kurs på Teams.  Alle som vil søkje på sommarjobbprosjektet til Eid og Selje Frivilligsentralar/ Gjensidigestiftelsen/ Stad kommune må lage ein CV for å kunne søkje jobb.

Her finn du presentasjonen frå CV kurset og to eksempel på CV.:
2022-30-05 Kurs CV og jobbsøknad

CV-mal-forste-CV
CV Mal - Kasper Kaspersen -_ (002)

Vi tilbyr difor to gratis digitale kurs i å skrive ein god CV.

Målgruppe: Ungdom i Stad kommune mellom 14 og 20 år

Tidspunkt for kursa er:
Måndag 30/5 kl. 17.00 - 18.00 Klikk her for å delta

Tysdag 7/6 kl. 17.00 – 18.00 Klikk her for å delta

Tema vi er innom:
- Kva er ein CV?
- Kva er forskjellen mellom ein jobbsøknad og ein CV?
- Korleis skriv du ein god CV?
- Kva er og gjer ein referanse?

Kurshaldar: Berte Eidsvåg Eldevik, jobbspesialist i NAV Stad

Dette er ein time der du kan lære mykje som du garantert får bruk for!



Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral