Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang.

Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Utvida Svarfrist :4.desember.

Svara frå frivilligheta er med å forme framtida. Nettopp ved å  fortelje kva som er bra, kva som er vanskeleg eller utfordrande og kome med å kome med idear og innspel på korleis det kan bli betre og enklare å vere frivillig i Stad.

Har ikkje ditt lag/ organisasjon fått e- post? Ta kontakt med Stad kommune  v/Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 eller Selje Frivilligsentral tlf. 95869223

Les meir om undersøkinga her:
Stad foreningsportal: Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

Les også fine innlegg i lokalavisene våre:
Fjordenes Tidende - Vil lage felles arena for å løfte fram frivilligheita

Fjordabladet: – Aldri blitt gjort i dette omfanget før 


Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral