Markering av FNs internasjonale dag for frivilligheit

Den 5.desember er det FNs internasjonale dag for frivilligheit. Vi ynskjer å markere denne dagen! Bli med å del kva du/ditt lag/organisasjon driv med:) Du kan også dele og skryte av andre sin frivillig innsats som har betydd mykje for deg og /eller ditt lokalsamfunn.

Alt det dei frivillige lag og organisasjonane og likeins, dei egenorganiserte frivillige gjer,
har stor betydning for oss alle og for utviklinga av  lokalsamfunnet vårt.

Vi vil oppfordre alle som har gjort, gjer eller skal gjere noko frivillig om å dele dette på sosialemedia den 5.desember.
Du kan og sende inn til frivilligsentralen om du vil at vi skal dele den informasjonen på vår facebookside.
https://www.facebook.com/seljefrivilligsentral 
https://www.facebook.com/eidfrivilligsentral 

Du kan sjølvsagt også dele og skryte av andre sin frivilligeinnsats og kva det har betydd for deg eller lokalsamfunnet :)

Kanskje du vil dele/fortelle korleis ein har fått omorganisert ein aktivitet i koronatida?


Har du instagram kan du gjerne merke bilde ditt med : #egerfrivilligeinstadistad #vierfrivilligeinstadistad

Er du ikkje frivillig/ medlem i eit lag/org?
Då er kanskje 5.desember ein ekstra fin dag å melde seg inn på eller sjekke kva som finnst av muligheiter! 


Lurer du på kva slags organisasjonar her er å velje i eller vil du vete meir og å vere frivillig i ein frivilligsentral er det berre å ta kontakt  med oss:) 


Andre nyttige lenker med info om frivilligheit:
www.frivillig.no 
www.frivillighetnorge.no

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral