Bli med på innbyggjartreff og ALLEMED-dugnad 3. sept!

Laurdag 3. september inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane lag, org. og innbyggjarar til treff i Operahuset Nordfjord kl. 14.00 - 16.00! Bli kjende med frivillige lag og organisasjonar/fritidsaktivitetar i Stad, kakefest, gratis kino m.m. På føremiddagen same dag inviterer vi til ALLEMED-dugnad. Lag og organisasjonar som stiller med stand på innbyggjartreffet og som deltek på ALLEMED-dugnaden må melde seg på. Elles er det ope hus på Innbyggjartreffet! Skyss blir sett opp v/ behov ( Obs påmelding der og!)

Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.

Arrangementet er ein del av kommunen/frivilligsentralane sin aktivitetsplan under "Frivillighetens år 2022", og eit av tiltaka under Stad kommune si frivilligpolitiske plattform for 2021-2023. Formålet med arrangementet er å synleggjere og informere innbyggarane om mangfaldet av lag og org. i Stad kommune, bli betre kjend med kvarande på tvers av kommunen, bli kjend med kommunen sitt arbeid, tilbod og tenester. - Og ikkje minst gje nye og gamle innbyggjarar ein kjekk aktivitetsdag for små og store!

Eit viktig punkt på årets program er ALLEMED - ein tverrfagleg dugnad mellom kommune, frivillige, andre aktivitetstilbydarar, ungdom og foreldre der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, bevisstgjering og å finne løysningar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar .

ALLEMED - dugnaden vert gjennomført i Operahuset Nordfjord laurdag 3. september kl. 10.00 - 12.30. Det vert servert lunsj (pizza) til alle som deltek!

Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.

Program og meir info:
Invitasjon innbyggjartreff 3. september
 

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral