Prosjekt i frivilligsentralane i Stad kommune gav over 30 ungdommar sommarjobb.

Midlar frå Gjensidigetiftelsen og fylkesmannen i Vestland og ikkje minst eit godt tverrfagleg samarbeid, fekk Stad kommune med frivilligsentralane i spissen, sysselsette 30 ungdomar i alderen 14 - 20 år, i ulike sommarjobbar rundt om i kommunen.

Vi hadde heile 74 søkjarar og fekk tilsett 30 stk.

Sommerjobbane var innan kultur og lokalsamfunnsutvikling, kommunalteknikk, helse og omsorg og Bu og miljø.
I tillegg  nokre jobbar på  Eventyrstallen. (ridesenter på Eid)
Kvar ungdom vart engasjert i  2 veker. Dette for at vi kunne tilsette flest mulig ut i frå dei midlane vi hadde tilgjengeleg.

Stas å signere si første arbeidsavtaleAlle fekk slikkepinne og Stad tatovering :)

Nokon av ungdommane jobba med sosiale møteplassar og utlån av aktivitetsutstyr i BUA Eid og BUA Selje, nokon var i fjell og mark for å merke turstiar,  og ein god del av dei var sommerhjelp i pleie- og omsorgsektoren.  

Sommerhjalpa på institusjonane hadde oppgåver som å lage til og hjelpe med måltid og finne på sosiale og kjekke ting. 

Fleire av ungdommane som har hatt sin første jobb erfaring her, vurderar no både å søkje sommarjobb neste år og velje ei utdanning innan helseyrke. 

I forkant av søknadsfristen arrangerte frivilligsentrlanae kurs i CV skriving ilag med NAV. 25 ungdommar var med over temas og fekk gode tips før dei skulle søkje på jobbane.

For mange var dette første arbeidsarfaringa og første steg iinn i yrkeslivet.
Alle ungdommane  får attest og har no også dete og eventueller referanse personar til vidare skule/jobb søking. 

Kva skulle vi gjort utan sommerhjelp i BUA tenker vi no i ettertid:) BUA Selje kom på 5. plass i landet for mest utlån i sommar :) Eine sommarhjelpa hadde med seg gitar nokre  dagar det var meldt dårleg ver og då litt roligare i BUA..
Men med det gode sommerveret, masse folk på sanden og ellers rundt om, vart det ikkje mykje tid til det:)



Visjonen til Stad kommune er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg ilag.

Det tverrfaglege samarbeidet ein har fått til her syner at her er vi på god veg til ein god samskapingskommune. 

Mange har vore involverte både i forkant og i gjennomføringa.

 Og alle har stått på å gjort dette til ein stor suksess.

Takket vere godt samarbeid med personal- og kommunikasjonsavdelinga, opplæring-/integreringsavdelinga og arbeidsleiarane i dei ulike tenestene, har mange ungdomane fått både verdifull arbeidserfaring, høve til å tene seg nokre kroner, og gode sommarjobbminner.   

Vil det blislikke sommerhjelp jobbar neste sommar?

Ein slik suksess må ein jobbe hardt for å få til. Og gjerne med endå fleire spennande  jobbar for endå fleire ungdommar. 




Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral