Prosjekt Juleglede

Frivilligsentralane i Stad kommune har i samarbeid med Røde kors og andre frivillige lag og organisasjonar og handelsnæringa, ulike juleprosjket. Les meir om dei her og korleis du kan bidra.

Selje og Eid frivilligsentral samarbeida med  NAV, Opplæring og integreringstenesta, Bu –og Miljøtenesta, ALTI Nordfjord, Eid handel, Røde kors Eid og Selje, Røde kors omsorg Eid, Kyrja i Stad og frivillige julenissar om ulike julegåveprosjekt: Gåve til ein ukjend, matkasse, ønskjetre og juleglede for barn.

Som mottakar er du anonym igjennom vår teieplikt og interne samarbeid.
Dei som bidrar som frivillige i prosjektet veit ikkje kven gåvene går til.


Les meir om dei her: 

Gåve til ein ukjend:
Alle blir invitert til å kjøpe/ lage og levere inn gåver som igjennom vårt samarbeid blir gitt vidare til personar og familiar i kommunen.  Målet er at alle skal få ei julegåve å opne på julafta og/eller skal få muligheit til å gi  noko til sine nærmaste.

Slik kjem gåvene inn: 

1.Du kjøper eller lagar ei fin gåve (obs! ingen gjenbruks gåver i dette prosjektet)
Gjerne gåvekort.
Skal du levere i Selje ynskjer vi ikkje at du pakkar inn, men leverer til oss i skranken v/ innbyggjartorget 1.etasje i Selje kommunehus
Er du på Eid: Pakkar du inn gåva og legg under juletreet på Amfi.
Gjeld gåver til alle aldra.

 Viktig at ein leverer gåver seinast innan 16.desember
 Tusen takk :)

Det interne samarbeidet:
Parallelt med innsamlinga av gåver, blir det gjort ei kartlegging ute i tenestene over kven som treng/ynskjer gåver og matkasser.
Vi invitere og andre som er i ei økonomisk situasjon i år som gjer at ein treng litt ekstra til jul om å ta kontakt.
Dette gjer ein ved å ta kontakt via epost eller telefon med den tenesta du ynskjer.  (kyrkja, nav osv) eller oss på frivilligsentralen.
 
Utlevering:
Ved hjelp av frivillige pakkar vi inn etter bestilling og gjer klart til henting.
Eventuelt kan ein komme innom å velgje ut og pakke inn sjølv. 

Julegåvene blir levert ut til mottaker igjennom deira kontakter i ulike teneste eller frivilligsentralane.

Alle har taushetsplikt.

Matkasse

Slik blir matkassene til:
- Røde kors søkjer om midlar og oppfordrar folk til å vippse støtte til : Eid Røde Kors: 21181 
- Ulike butikkar rundt om har laga klart handlekorger du kan legge opp i varer som kjem i matkassar til trengande i kommunen. Hugs at det må vere varer som held seg godt :)
- lokale butikkar gir ein del også.

Det interne samarbeidet:
Ved hjelp av frivillige, sjekkar vi alt som kjem inn. Pakkar i kasser og gjer klart til henting/utkøyring.
Julegåvene blir levert ut til mottaker igjennom deira kontakter i ulike teneste eller frivilligsentralane.

Ønskjetre:
Ikkje alle har mulighet å kjøpe julegåve til jul. På juletreet på Alti Nordfjord, har born frå Nordfjord hengt opp sine juleønskje. Vil du oppfølgje eit av dei? Plukk med deg eit ønske frå treet og lever lappen og juleønskje til senterkontoret eller Sunkost. Gjeld juleønskje for born under 18 år. 


Juleglede for barn

Omsorgsgruppa i Røde kors søkjer kvar år midlar frå Røde kors Sogn og Fjordane om midlar som skal gå til innkjøp av gåvekort til born under 18 år.

 Kartlegginga om behovet blir gjort internt i dei ulike tenestene, gåvekorta blir kjøpt inn avomsorgsgruppa og delt ut  på samme måte som gåve til ein ukjend eller matkassene.

Har ein spørsmål om noko angåande desse prosjekta er det berre å ta kontakt:) 



Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral