Frivillighetens dag 5.desember

Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!

5.desember er ein nasjonal merkedag der vi skal hylle alle dei som gir av tida si, engasjementet sitt og hjartet sitt for at lokalsamfunnet vårt skal vere ein god plass å bu. Frivilligheita ber oss, løfter oss og bind oss saman – kvar einaste dag.


Takk til deg som stiller opp som trenar, stadven, styremedlem, besøksven, vaffelsteikar, kulturberar, natteramn, sjåfør, aktivitetsleiar – og alt imellom. Takk til alle små og store innsatsar som kanskje ikkje alltid blir lagt merke til, men som betyr meir enn vi anar.


Den 5.desember vil vi utfordre alle til å stoppe opp og kjenne etter:

Kva betyr frivillighet for deg? Kven har gjort ein forskjell i livet ditt?

Bruk gjerne anledninga til å:

-Legge ut eit innlegg eller ei historie på Facebook

-Sende ei melding til ei ildsjel som har hatt innverknad på deg


- Ta kontakt med eit lag eller ei foreining du ønskjer å støtte eller bli med i


-snakke med barna dine / elevane dine om frivilligheit


Saman kan vi vise kor mykje frivillig innsats betyr – både for fellesskapet og for den enkelte.


Til alle frivillige lag og organisasjonar:

Skal de markere Frivillighetens dag eller arrangere noko? Legg gjerne arrangementet ut på stad.foreningsportal.no ,  slik at fleire får det med seg og kan vere med!


💚 Tusen takk til alle som bidreg – de er ryggrada i lokalsamfunnet vårt!

På bilde frå venstre: Ole Reinhardt Bugjerde, Unge frivillige / Innsats for andre elevane: Malin Rundereim , Jewel Doorenspleet  og Oliver Olsen Fure 
Tatt på Frivilligkvelden på Bryggja tidligere i år. 

2026 © Selje Frivilligsentral