Vil du bidra i arbeidet med å ta i mot flyktningene frå Ukraina?

Stad kommune skal ta imot 140 flyktingar frå Ukraina. For å få til dette på ein god måte er det viktig at ein bidrar der ein kan. Her kan du halde deg oppdatert over situasjonen. Kva som trengst av hjelp og korleis du kan bidra. Og kontaktpersonar i Stad kommune.

Det viktigaste ein kan hjelpe til med akkurat no er å halde seg oppdatert og dele informasjon frå Stad kommune, spesielt informasjonen om at vi framleis treng husvære til flyktningane.

All relevant informasjon om Ukraina og kommunen sin beredskap finn de på denne nettstaden.
Denne vert oppdatert etterkvart som ny informasjon kjem til:
https://stad.kommune.no/aktuelt/ukraina-og-kommunen-sin-beredskap/

Kommunedirektøren hadde ei orientering i formaskapet 24.mars:
Her kan du sjå den i opptak:
https://stad.kommunetv.no/archive/126?caseId=6239 
Det vil bli ny orinetering i kommunestyret 31.03.

Framover vil det vere viktig at de bidreg med det frivilligheita allereie er gode på; aktivitetar, møteplassar, dugnadar m.m.
Vår oppmoding er å vere synlege og inviter fleire med i desse aktivitetane!

Ta kontakt med frivilligsentralane! Vi kan bidra med å koble behov og hjelp, synleggjere dykkar tilbod, har tilgjengeleg gratis lokale m.m.

Vi har også oppretta eit tilbod som vi har valt å kalle
Stadven (inkluderingskontakt)
Her kan ein melde seg som frivillig og melde inn at ein ynkjer ein Stadven.
Dette tilbodet gjelder for alle.  
Les meir om dette under aktivitetar på sida vår.

Synleggjering av aktivitetstilbod, arrangement og møteplassar: 

Over 100 organisasjonar i Stad har no sendt inn samtykke til å bruke og dele laget sin kontaktinformasjon. Alle dei har også fått invitasjon til å redigere sin profil på Stad foreningsportal.
På denne måten vert de meir synlege og lettare å nå både for kommunen, dykkar nærmiljø og folk flest.
Vi oppmoda dei som enno ikkje har fyllt ut og sendt inn samtykkeskjema om å gjere snarast. Det finn de her:

https://stad.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/lag-og-organisasjonar/kontaktinformasjon-til-lag-og-organisasjonar/  

 Stad Foreningsportal finn de her:

https://stad.foreningsportal.no/  

Vi har også ein kalender over kulturarrangement på
www.hjartestad.no  

Hovedkontakt personene i Stad kommune er sakshandamarane i opplæring og intergrering:
Rune  Engeseth og Katrine Rydland Nautvik:
Stad kommune tlf.: 578 85 800.

Kontaktperson for frivillige innsats, aktiviettar, møteplass og andre og bidrag:
Frivilligsentralane i Selje og på Eid.
Vi samarbeida med andre etatar. 

Eid Frivilligsentral                                                                                     Selje Frivilligsentral

Astrid G. Torheim                                                                                        Maria Helgesen

dagleg leiar                                                                                                 dagleg leiar

tlf. 41460042                                                                                             tlf. 95869223

e-post: astrid.grete.torheim@stad kommune.no                          e-post: maria.helgesen@stad.kommune.no

Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral