-
BUA Selje
Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Sterk og Stødig
Sterk og Stødig i Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere Sterk og stødig treningsgrupper. Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.Målgruppa for treninga er vaksne (65+) som opplev endringar i funksjon og balanse.
Treninga gjennomførast ein gang i veka.
Instruktørane vil få jamleg oppfølging av fysioterapeut.
Vi håpar å kunne starte opp grupper i så mange bygdelag som mogleg.
Instruktørkurset består av 3 kursdagar som holdast på dagtid 12., 13. og 22. september.
Frist for påmelding er 7. september.
Stad: Bryggja omsorgssenter. Lunsj er inkl.
Ta kontakt med fysio og ergoterapitenesta i Stad kommune v/ fysioterapeut
Emilie Nyheim Tlf. 901 90 404 Epost : emilie.nyheim@stad.kommune.no
Sterk og stødig er eit samarbeid mellom Friskliv og Frivilligsentralane i Stad kommune og Aldring og helse Nasjonalt senter.
Del på:
-
Frivillig vaksen på ungdomstreff
Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?
-
Middagskøyrar
Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.
-
Språk kafe
Språkkafeen er ein møteplass og eit tilbud til deg som vil praktisere norsk. Det er og ein ypparleg sjanse for "gamle" og nye innbyggjarar å bli kjent med kvarandre, få trent på språk og lære meir om kvarandre sine kulturar. Språkkafeen er for alle i alle aldra, er gratis og krev ingen påmelding.
-
Stad Foreiningsportal
På Stad foreiningsportal finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar. Sida er i oppstartsfasen og vil bli enda bedre til fleire som brukar den aktivt Meir info og lenke til portalen: