BUA Selje

Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.

Aldersgruppe: 14 til 100 år

Å jobbe/vere frivillig  i BUA Selje er:

  • kjekt, ein hobby /tidsfordriv, meiningsfullt
  • eit viktig bidrag for lokalsamfunnet (forebyggjande/helsefremjande, bra for miljøet og reduserar økonomiske forskjellar) 
  • ein fin måte å komme i kontakt med folk / lokalsamfunnet
  • ein god jobberfaring. Frivilligsentralen kan lage til attest til CV.


Ved samarbeid med frivillige får ein enda bedre opningstider som betyr eit betre tilbod som når fleire.
Det er spesielt behov for frivillige på ettermiddag, kveld og helg.

Som frivillig i BUA vil dine oppgåver i hovudsak vere å

  • låne ut (via vårt digitale BUA system) 
  • ta i mot ved tilbakelevering
  • sjekke utstyr at det er rein og i god stand
    Også mulig å jobbe med: 
  • marknadsføring 
  • Aktivitetstilbud /møteplass:
    Vi har flotte lokale med stort potensiale til meir aktivitet/ møteplass.  
     
    !OBS! Dei under18 år kan ikkje jobbe aleine i BUA etter arbeidstid i Innbyggjartorget.
    Men ein kan melde seg som frivillig som legg vi tilrette.

Ein kan melder seg som frivillig ved å 

  • Fylle ut digitale skjema

 Hak av/velg BUA Selje og fyll ut skjema. Ta med i kommentarfeltet om det er noko vi bør vete, vi tek kontakt.

  • Ein kan og ringe eller komme innom frivilligsentralen.

BUA står for Barn og Unge i Aktivitet og er eit slags bibliotek for aktivitetsutstyr.
Sjølv om born og unge er hovedmålgruppa, er dette tilbodet for alle!
Alt vi har kan ein låne gratis!
Oppgåver som


BUA Selje har to lokaler. "StrandBUA" ved Seljesanden og "LandBUA" på innbyggjartorget, Nabben 80 (Kommunehuset i Selje)

Vi har ganske gode opningstider på dagtid grunna samarbeidet vi har med tenestene i Innbyggjartorget. Og om sommaren har vi ofte sommerjobb for ungdom i "StrandBUA".

Men vi har ikkje bemanning kveld og helg som ofte er då behovet er størst.  

Opplæring blir gitt! og ein kan jobbe ilag to stk om ein synst det hadde vore kjekt!


På nettsida vår bua.no kan du finne BUA Selje og sjå kva vi har til utlån, lage seg ein låneprofil, og sjå våre opningstider.
Følg oss på facebook for å få med deg nyheiter.
Vi har og instagramkonto: bua_selje

Har du /di bedrift lyst å gi økonomisk støtte til innkjøp av meir aktivitetsutstyr ? Ta kontakt med Selje frivilligsentral!

Flere aktiviteter

Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar

Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)

2024 © Selje Frivilligsentral