Middagskøyrar Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)
BUA Selje Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Frivillig vaksen på ungdomstreff Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?
Språk kafe Språkkafeen er ein møteplass og eit tilbud til deg som vil praktisere norsk. Det er og ein ypparleg sjanse for "gamle" og nye innbyggjarar å bli kjent med kvarandre, få trent på språk og lære meir om kvarandre sine kulturar. Språkkafeen er for alle i alle aldra, er gratis og krev ingen påmelding.
Stad Foreiningsportal På Stad foreiningsportal finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar. Sida er i oppstartsfasen og vil bli enda bedre til fleire som brukar den aktivt Meir info og lenke til portalen:
Sterk og Stødig Treng du å trene balanse og styrke? - Bli med på treningsgruppe for seniorar "Sterk og stødig" er grupper med balanse- og styrketrening tilpassa seniorar, og er for deg som er over 65 år og heimebuande. Du må vere i stand til å gå utan hjelpemiddel innandørs, men kan erfare endring i bevegelsesfunksjon og vere ustø i enkelte situasjonar. Er du usikker på om du er i målgruppa? - Kontakt fysio- og ergoterapitenesta i Stad kommune. ( Tlf.: 578 85 800) Sjå meir info og kontaktperson:
Vil du engasjere deg i lokalt frivilliheitsliv? Har du har litt ledig tid eller ynskjer du å ta deg tid til å vere frivillig? Å vere frivillig er ein vinn vinn der ein gjer noko betydningsfullt for seg sjølv og andre.