Middagskøyrar

Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.

Aldersgruppe: 18 til 100 år

Likar du å køyre bil? Og har lyst å bidra/vere frivillig?
Då kan du melde deg som middagskøyrar.
Alle frivillige må vere registrert digitalt.
Ring eller kom innom frivilligsentralen om du treng hjelp til det.

Vi trenger frivillige til å…

  • Køyre ut og levere middag frå Flatabø bufelleskap (Selje eldretun)  mot Flatraket
  • Køyre ut og levere middag frå basen på Stadlandet til stadt og ytre stadt.
  • Ein kan og vere passasjer.

Vi ynskjer  no starte opp tilbodet på Stadlandet om det er interesser for dette/om vi får samla ein gjeng frivillige som ynskjer å bidra med nettopp dette kjekke men og nyttige tiltaket.

Her kan ein melde seg som frivillig: Fyll ut skjema
Ein kan og kontakte frivilligsentralen på tlf.: 95869223

Alle som er sjåfør og passasjerar må vere registrert som frivillig i systemet. 

Det er tilsette som har køyrt ut middag til sine teneste motakarar.
Frivillige er no eit tilskot og ein bonus for tenesta.
Dei dagane ein ikkje har frivillige på ei rute, er det dei tilsette som leverar ut maten.
Samarbeidet med frivillige utløyser betre tid for dei fagutdanna og dei heimebuande får framleis god mat levert på døra frå blide hjelpsame medmenneske.


Du som melder deg som frivillig til denne aktiviteten:

  • må vere serviceinnstilt og hyggeleg
  • skriv under teieplikt ved innmelding
  • samtykker ved innmelding at ditt namn og ev. bilde vil bli offentleggjort på vår nettside
  • må ha førarkort om du skal køyre bilen. Ein kan og vere passasjer
  • vil få opplæring før ein startar


Les meir her: (Trykk på lenka under:)
Rutiner og prinsipp middagskøyrarar

Her er oversikt over våre kjekke middagskøyrarar:)

Håkon Berstad

Ole Arnfinn Bosens
 

Solveig Danielsen
 

Hilde Drabløs
 

Johanne Vengen
 

Victor Jarle Kjøde
 

Rolf Aarsheim
 

Turid Hopland

Gunnar Silden
Open photo


Passasjer / Levering

Hilde Drabløs

Margunn Silden
Open photo

Ta kontakt med Selje frivilligsentral om du lurer på noko:)
Maria Helgesen 95869223

Flere aktiviteter

Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar

Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)

2024 © Selje Frivilligsentral