Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar

Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)

Aldersgruppe: For alle

Meld deg her https://selje.frivilligsentral.no/

Når du melder deg vil du bli kontakta og få meir informasjon.
Og vi legg ein liten plan ilag ut i frå dine ynskjer og behov.
Og deretter blir ein kobla / matcha med nokon som treng ein Stadvenn eller kobla opp i mot ein aktivitet du vil vere engasjert i.

Det er og viktig at du som frivillig fortel oss dine interesser, kompetanse, kva du vil bidra med.
Dette skriv du i kommentarfeltet. Ta kontakt på tlf.: eller e-post om du har spørsmål.

Dei frivillige kan både vere organisert i ein eksisterande foreining, og som eigen organisert frivillig.(Også kalla eldsjel.)

Det vil komme meir info om kva ein kan bidra med/kva behovet er.
So langt veit vi at det gjeld både  
-nokon å gå tur med,
-nokon som kan vise rundt, fortelje om kva som er av frivillige organisasjonar, aktivitetstilbod m.m. ,
-digital hjelp,
-praktisk hjelp som til dømes klargjering av bustadar med meir.
-språk / kultur
-leksehjelp
 -transport og bistand til ulike avtalar kan bli aktuelt.

Ein vil kunne melde seg til eit konkret oppdrag, men og mulig å følgje opp ein person/ein familie.
Her med tett dialog og samarbeid med frivilligsentralane som igjen har god kontakt og samarbeid med integreringstenesta og andre frivillige.

Alle frivillige som melder seg, vel sjølv kva dei kan bidra med og kor mykje.
Ein vil skrive under taushetsplikt og i nokre tilfeller vil det vere krav om politiattest.


Oppsummert:
Vi engasjerer frivillige til å vere Stadvenn som
-styrker kontakten mellom mennesker på tvers av generasjoner og kulturer
- bidra til at ein blir fortare kjend med tilbod og aktivitetar i lokalsamfunnet
- hjelp og støtte til utfordringar innan språk, avtalar og system/digitalt.
- praktiske gjermål i førebuinga av bustadar

Frivilligsentralen formidlar kontakt mellom dei som ønskjer å bistå andre og dem som ønsker/treng å motta frivillig innsats I tett samarbeid og dialog med integreringstenesta.

Selje frivilligsentral samarbeida og med dei skuleelevane som har valfaget; Innsats for andre. 

2024 © Selje Frivilligsentral