-
BUA Selje
Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Snakk & Trakk - Walk & Talk
Bestill eller inviter til ei uformell samtale med frivilligsentralen. Har du ein ide, ei utfordring, noko du vil berre lufte/ snakke litt om rundt tema frivilligheit, møteplassar og lokalsamfunn?Då kan du ta kontakt med Selje frivilligsentral for ein Snakk & Trakk - Walk and Talk
So finn vi ei tid som passar begge partar.
Om ein ynskjer å heller ta ein biltur, prat på kontoret eller på ein på ein lokal møteplass nær deg, so går det også:)
Det kan altso vere her i nærheten av kontoret mitt i Selje, men og andre stadar.
Frivilligsentralen kan komme til deg. Innan for området ytre Stad kommune : Flatraket - Selje - Stadlandet
Gjerne inviter meg med til noko de som frivillige lag/org har av tilbod og arrangement rundt om:)
Ta kontakt med dagleg leiar:
Maria Helgesen
maria.helgesen@stad.kommune.no
Evt kontakt meg på tlf. 95 86 9 223
Del på:
-
Middagskøyrar
Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.
-
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar
Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)