-
BUA Selje
Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Sterk og Stødig
Treng du å trene balanse og styrke? - Bli med på treningsgruppe for seniorar "Sterk og stødig" er grupper med balanse- og styrketrening tilpassa seniorar, og er for deg som er over 65 år og heimebuande. Du må vere i stand til å gå utan hjelpemiddel innandørs, men kan erfare endring i bevegelsesfunksjon og vere ustø i enkelte situasjonar. Er du usikker på om du er i målgruppa? - Kontakt fysio- og ergoterapitenesta i Stad kommune. ( Tlf.: 578 85 800) Sjå meir info og kontaktperson:Gruppetreningar:
- Nordfjordeid, Eidsgata 9, tysdagar kl. 10:00-11:00 og 11:30-12:30
kontaktperson Irene Wedvik tlf. 908 78 867 og Bodil Sønderland tlf. 913 07 530 - Holmøyane, Vonlund, torsdagar kl 13:00 - kontaktperson Reidar Holmøy tlf. 915 83 598
- Selje, Flatabø bufelleskap, tysdagar kl. 11:00 - kontaktperson Magny Myklebust tlf. 917 21 651
- Stadlandet, Fredly bufelleskap, torsdagar kl 11:00 - kontaktperson Sylvi Olsen tlf: 901 37 327
- Barmen, Grandahuset, måndagar kl 16:00 - kontaktperson Wenche Rye Pedersen tlf: 918 26 419
Del på:
-
Frivillig vaksen på ungdomstreff
Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?
-
Middagskøyrar
Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.
-
Språk kafe
Språkkafeen er ein møteplass og eit tilbud til deg som vil praktisere norsk. Det er og ein ypparleg sjanse for "gamle" og nye innbyggjarar å bli kjent med kvarandre, få trent på språk og lære meir om kvarandre sine kulturar. Språkkafeen er for alle i alle aldra, er gratis og krev ingen påmelding.
-
Stad Foreiningsportal
På Stad foreiningsportal finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar. Sida er i oppstartsfasen og vil bli enda bedre til fleire som brukar den aktivt Meir info og lenke til portalen: