-
BUA Selje
Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Aldersgruppe:
Del på:
-
Middagskøyrar
Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.
-
Snakk & Trakk - Walk & Talk
Bestill eller inviter til ei uformell samtale med frivilligsentralen. Har du ein ide, ei utfordring, noko du vil berre lufte/ snakke litt om rundt tema frivilligheit, møteplassar og lokalsamfunn?
-
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar
Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)