-
BUA Selje
Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Vil du engasjere deg i lokalt frivilliheitsliv?
Har du har litt ledig tid eller ynskjer du å ta deg tid til å vere frivillig? Å vere frivillig er ein vinn vinn der ein gjer noko betydningsfullt for seg sjølv og andre.Aldersgruppe: For alle
Frivilligheita i Stad har mange ulike lag og organisasjoner som driv med forskjellige aktivitetar og engasjement i og for lokalsamfunnet.
Det er alltid bruk for fleire frivillige, medlemmar, verv, folk på dugnad, i komitar m.m
Det er mykje forskjellig ein kan velje mellom.
Turlag, kor, korps, idrett, husflid, historielag, pensjonistlag, badelag, grendehus og bydelag, bondelag, politiske lag, sjakk, naturvern, filmklubb, 17.mai komitear, beredskapslag som rødekors, sanitet, sjøredningsklubb, fagforeiningar, sokneråd, menigheter, gjenbruks/bruktbutikk, pride, brettklubb, skyting, jakt og fiskelag, besøksvenna og mykje mykje meir.
Kva interesserer du deg for? Kva ynskjer du å ta del i?
Det ekstra fine med frivilligheit er vinn vinn konseptet.
Ein får ei interesse/ein hobby som er meiningsfullt og kjekk. Og ein gjer ein forskjell for andre og sitt lokalmiljø.
Frivilligheit skapar samfunn og aukar livskvalitet og trivsel for alle partar.
Frivilligsentralen har oversikt over lokale lag og organisasjonar i Stad kommune.
Vi kan hjelpe med å finne nokon som driv med det du brenn for.
Eller kanskje du ynskjer å starte noko heilt nytt? I såfall kan vi hjelpe deg litt på vegen om du vil:)
Ta kontakt so kan vi snakkast om kva som kan passe for deg:)
Vil du sjekke litt sjølv kva som finst av både lag, organisasjoner og aktivitetar?
Sjekk ut Stad foreiningsportal
(Sida er under oppbygging. hjelp oss gjere om du ser feil og/eller manglar: )
Stad kommune har og ein arrangement kalender på hjartestad sida
Del på:
-
Frivillig vaksen på ungdomstreff
Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?
-
Middagskøyrar
Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.
-
Språk kafe
Språkkafeen er ein møteplass og eit tilbud til deg som vil praktisere norsk. Det er og ein ypparleg sjanse for "gamle" og nye innbyggjarar å bli kjent med kvarandre, få trent på språk og lære meir om kvarandre sine kulturar. Språkkafeen er for alle i alle aldra, er gratis og krev ingen påmelding.
-
Stad Foreiningsportal
På Stad foreiningsportal finn du oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitetar. Sida er i oppstartsfasen og vil bli enda bedre til fleire som brukar den aktivt Meir info og lenke til portalen: