-
BUA Selje
Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Sy- Hekle - Fixe - Strikke
Møteplass og læringsarena. For dei som interessera seg for handarbeid og for dei som vil bli interessert:) Små barn (under 12 år ) må ha med /komme saman med ein vaksen.Aldersgruppe: For alle
Ta gjerne med deg strikketøyet/prosjektet ditt hit både for det sosiale, men og om du treng hjelp eller triks.
Har du noko du skal sy inn, legg opp eller liknande ? Vi har ei til to symaskiner. Så det er fint om du tek med eiga om du har.
Eller har med andre ting å halde på med mens ein venta i kø.
Vi har og ein god del stoff, glidelåsar, strikkepinnar, tråd, knappar m.m som ein kan bruke fritt.
Tusen takk til dei som har donert og dei frivillige som gjer det mogeleg:)
Her er også bøker, spel og anna kjekt å finne på når ein treng ei sypause;)
Del på:
-
Frivillig vaksen på ungdomstreff
Det trengs fleire vaksne på møtestadar for ungdom. Vil du vere frivillig saman med ungdomsarrangørane?
-
Snakk & Trakk - Walk & Talk
Bestill eller inviter til ei uformell samtale med frivilligsentralen. Har du ein ide, ei utfordring, noko du vil berre lufte/ snakke litt om rundt tema frivilligheit, møteplassar og lokalsamfunn?
-
Språk kafe
Språkkafeen er ein møteplass og ein ypparleg sjanse for "gamle" og nye innbyggjarar å bli kjent med kvarandre, få trent på språk og lære meir om kvarandre sine kulturar. Språkkafeen er for alle i alle aldra, er gratis og krev ingen påmelding.
-
Stad Foreiningsportal
På Stad foreiningsportal finn du kontaktinfo og oversikt over lag og organisasjonar i Stad kommune. Med ein kalender over deira aktivitet og tilbod. Nettsida eg også en stad der ein finn relevant informasjon for frivilligheita. Det er viktig å halde kontaktinfomrasjonen oppdatert. Sida vil bli enda bedre til fleire lag og org. som brukar den aktivt. Meir info og lenke til portalen: