-
BUA Selje
Har du lyst å vere frivillig i BUA Selje? Ein bestem heilt sjølv kor mykje og kortid ein ynskjer å bidra. Ein vil få opplæring og oppfølging. Og vi lagar til avtale etter dine ynskjer og behov.
Middagskøyrar
Å levere middag til heimebuande er ei meiningsfull og ei kjekk oppgåve som betyr mykje for mange! Takk til alle som bidrar :) Alle frivillige som har registrert seg kan velge oppdrag/rute frå vaktplanen.Aldersgruppe: 18 til 100 år
Likar du å køyre bil? Og har lyst å bidra/vere frivillig?
Då kan du melde deg som middagskøyrar.
Alle frivillige må vere registrert digitalt.
Ring eller kom innom frivilligsentralen om du treng hjelp til det.
Vi trenger frivillige til å…
- Køyre ut og levere middag frå Flatabø bufelleskap (Selje eldretun) i Seljeområdet og mot Flatraket
- Køyre ut og levere middag frå Fredly bufelleskap (Stadlandet eldretun) på Stadt og ytre stadt.
- Ein kan og vere passasjer.
Ein kan melde seg som frivillig på lista under MELD DEG SOM FRIVILLIG - Eg kan bidra.
Ein kan og kontakte frivilligsentralen på tlf.: 95869223
Alle som er sjåfør og passasjerar må vere registrert som frivillig i systemet.
Det er tilsette som har ansvaret og oppgåva å køyre ut middag til sine teneste motakarar.
Frivillige er no eit tilskot og ein bonus for tenesta og brukarane.
Dei dagane ein ikkje har frivillige på ei rute, er det dei tilsette som leverar ut maten. Middagen kjem fram uansett kven som køyrer.
Samarbeidet med frivillige utløyser betre tid for dei fagutdanna og dei heimebuande får god mat levert på døra frå blide hjelpsame medmenneske.
Du som melder deg som frivillig til denne aktiviteten:
- må vere serviceinnstilt og hyggeleg
- skriv under teieplikt ved innmelding
- samtykker ved innmelding at ditt namn og ev. bilde vil bli offentleggjort på vår nettside
- må ha førarkort om du skal køyre bilen. Ein kan og vere passasjer
- vil få opplæring før ein startar
Les meir her: (Trykk på lenka under:)
Rutiner middagskøyrarar oppdatert nov 24
Ta kontakt med Selje frivilligsentral om du lurer på noko:)
Maria Helgesen 95869223
Del på:
-
Snakk & Trakk - Walk & Talk
Bestill eller inviter til ei uformell samtale med frivilligsentralen. Har du ein ide, ei utfordring, noko du vil berre lufte/ snakke litt om rundt tema frivilligheit, møteplassar og lokalsamfunn?
-
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar
Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt. Har du behov for ein Stadven kan ein kontakte frivilligsentralen. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (Foto: Sigve Rasmussen)