-
Sommarmøteplass og BUA Selje
Sommarmøteplassen og BUA Selje er ope i tidsrommet man, tys og fredag frå 11 – 17.00 og tysdag og torsdag frå 14.00 – 20.00 Etter kl. 15.30 er møteplassen kun for ungdom 13 – 18 år. Hovud sommarmøteplassen vil vere på Innbyggjartorget. Og nokon gangar vil ein arrangere ulike aktivitetar ute ved sanden og parken. (noko for familar og noko for ungdom) Det vil bli oppdatert info på facebook og Instagram. Og vi heng plakat på døra både på Innbyggjartorget og Strand BUA.
Sommarhjelp - Søknadsfrist 3.juni 2025
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdommar i Stad kommune født 2011-2007. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:Ungdom i alder 14 - 18 år som har folkeregistrert bustadadresse i Stad kommune kan søkje.
Arbeidsperioden varer i 2 veker.
Arbeidsstad Selje eller Nordfjordeid.
Oppstart frå veke 27.
Kva går jobben ut på:
Som sommmarhjelp skal du skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte utlånsordninga BUA.
Ein skal jobbe i eit team på to stk. sommarhjelper.
Ein vil få god opplæring og blir følgt opp av ein arbeidsleiar.
Hovudoppgåver til Sommarhjelpene:
- Drifte BUA.
lære seg BUA systemet, utlån, halde ordne på lokale og aktivitetsutstyret.
-Lage til aktivitetar og møteplassar for ungdom.
Nokon av aktivitetane i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.
Alle som søkjer Sommarhjelp må legge ved ein CV i søknadsskjema.
Sjølv med liten eller ingen arbeidserfaring kan, og bør ein lage ein CV.
Klikk på lenkene/ blå knappane for gode tips:
Korleis skrive ein god CV Døme på CV/ CV mal
SØK på Sommarhjelp jobb her: SØKNADSSKJEMA
!Når ein søkjer skal ein krysse av for kva veker ein kan jobbe. (ein kan krysse av for fleire alternativ)
Pass på å planlegg godt for vi kan ikkje justere etter kvar enkelt i ettertid.
Altså om ein får tilbod om jobb og det viser seg at ein for eksempel kun kan jobbe ei av vekene pga andre planar, so må ein takke nei og jobben går til neste på lista. )
Dei som ikkje har jobba som sommarhjelp før og/eller ikkje har andre jobbar i sommar, vil bli prioritert.
Ta kontakt om ein har spørsmål
_______________________________________________________________________________________________________
*Er du over 20 og vil søkje på jobben som arbeidsleier?
Les og søk om jobben HER
*Vil ditt lag/org. lage, ein aktivitet for born og unge i sommarferien?
Ein kan då fylle ut eit enkelt søknadsskjema og få tilskot på kr 2000,- til aktiviteten/laget.
Les meir HER
Ta kontakt med dagleg leiar i Selje eller Eid frivilligsentral.
Del på:
-
FRIVILLIGKVELD 19. MARS 2025
Frivilligkveld er ein av to årlege møteplassar mellom frivilligheita og Stad kommune. Vi møtast for å snakke om viktige tema og skal finne ut korleis ein saman best kan legge til rette for frivilligheit i åra framover. Stad: Bryggja Grendahus kl.: 17:30 - 20:30. For meir informasjon og påmeldingsskjema:
-
Friluftslivetsår 2025 - Vil ditt lag/org. lage arrangement å bli med på Heile Norge båler 18.januar?
Hele Norge båler er startskuddet for den landsdekkande feiringa og markering av Friluftslivets år 2025. Er det organisasjonar i Stad som ynskjer å nytte anledninga til å arrangere noko denne nasjonale Kom deg ut dagen? Då er det flott om ein vil registrere det i den nasjonale oversikta over alle Heile Norge båler arrangement. Og sjølvsagt også då legge arrangementet ut på vår felles lokale kalender her på Stad foreiningsportal. Her kan ein lese meir om konseptet og få gode tips:
-
Prosjekt Juleglede
Juletida kan vere krevjande for mange. I Stad samlar lag og organisasjonar seg og mobiliserer for å kunne gi litt ekstra juleglede også i år. Oppmodinga går no ut til næringsaktørar, organisasjonar og privatpersonar; Bli med å bidra med pengar, matvarer og gåver! Les meir om samarbeidsprosjektet og korleis ein kan bidra <3
-
Frivilligprisen Vestland - NOMINASJON frist 15.september 2024
Vestland fylkeskommune sin frivilligpris skal motivere, synleggjere og verdsette frivilligheita i fylket. No kan du nominere kandidatar til frivilligprisen 2024!