Samtykke skjema til signering

Vi samlar inn opplysningar for å kunne tilby best mogleg sørvis til våre frivillige lag og organisasjonar.
Stad kommune ynskjer å ha nær kontakt med alle lag og organisasjonar i kommunen. Vi ynskjer å informerer om nyhende, søknadsfristar for tilskot o.l. samt anna informasjon vi meiner ditt lag/organisasjon kan ha nytte av. Vi skal og opprette ei felles side for alle lag og organisasjonar  der ein kan lett finne kontaktinfo og aktivitetar i laget på Stad foreiningsportal. For at vi skal kunne sende ut informasjon til ditt lag/organisasjon og publisere kontaktinformasjon, treng vi samtykke til dette jf. personvernreglane – GDPR.

Ta kontakt ved behov. 
Flere nyheter

Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune

I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:

Frivilligkveld

Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!

2024 © Selje Frivilligsentral