-
Bli med på Gjensidigestiftelsen sitt digitale søkjarmøte
Vurderer du å søkje støtte frå Gjensidigestiftelsen i år (søknadsfrist 01.03.), men er usikker på kva dei gir støtte til og korleis du søkjer? Onsdag 7. februar vert det arrangert digitalt søkjarmøte på Teams kl. 17.00. Bli med, bli med!
BUA Selje
Avtale er signert med BUA. Og vi skal no sette oss i sving med å få BUA opp å gå før sommaren. Vi tar gjerne imot hjelp frå frivillige:)Les meir og meld deg på oppdrag her: https://frivillig.no/selje-frivilligsentral/bua-selje
Del på:
-
Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
I november 2023 vart det gjort ei stotstilt kartlegging av frivillige lag og organisajonar i Stad kommune. Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll hadde oppdraget i å gjennomføre spørjeundersøkinga og lage ein rapport. Men ein svarprosent på 63 % og har vi fått eit godt og viktig innblikk i korleis det står til i frivilligheita i Stad. Her kan du lese både rapporten og presentasjonen Brita Brekke frå Frivillighet Norge heldt på Frivilligkvelden 2024:
-
Tilskot til kulturbygg - Søknadsfrist 31.03.2024
Tilskot til kulturbygg - Søknadsfrist 31.mars 2024. Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar - Søknadsfrist 30.april 2024. Les meir om saka på Stad kommune si nettside.
-
Frivilligkveld
Lag og organisasjonar i Stad - velkomne til Frivilligkveld på Bryggja grendahus, onsdag 24.01.2024 kl. 17.30 - 20.30. Er du tillitsvald, medlem eller frivillig i ein organisasjon. Kom å bli med på ein trivelig og lærerik kveld!. Vi får presentert resultatet av kartlegginga som vart gjort av frivilligheita i Stad kommune i november. Der vert servert kveldsmat, og du kan presentere din organisasjon og dine aktivitetar og søkje samarbeid på informasjonstorget. Vi inviterer også til dialog mellom kommunetilsette og frivillige om korleis vi kan løyse heilt konkrete utfordringar i lag. Klikk deg vidare og meld deg på!
-
Frivillighetens dag 5.desember
I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.