-
Bli med å skap Julekveld i Prestegarden 🎄
På julaftan, 24. desember, inviterer vi til felles julefeiring i Selje prestegard . Ein kan bidra som frivillig før, under eller etter feiringa, eller støtte arrangementet økonomisk.
Matkasse - Ønskjetre - Gåve
Også i år har vi eit stort samarbeid om å spre juleglede i heile kommunen. Frivillige, frivilligsentralane, ulike tenester i kommunen og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser og julegåver og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Les meir om korleis det fungerar og korleis du kan støtte og vere med:Vil du bidra?
Matvarer: Du kan bidra på på fleire måtar. I alle daglegvareforretningar i Stad vil det stå handlevogner der du kan legge opp i matvarer med god haldbarheit som vi legg i matkassene.
Julegåver til barn: På Alti Nordfjord står det eit juletre med gåveønskjer frå born i heile kommunen. Der kan du plukke med deg eit ønskje og oppfylle det. Frivilligsentralane og kommunale tenester syt føre at gåva kjem fram til jul.
Julegåve til ein ukjend: Du kan også gi julegåver til ein ukjend / vaksne eller familiegåver. Vi samlar inn heimestrikk og/eller gåvekort: Lever til Sunnkost på Alti Nordfjord, eller til Selje Frivilligsentral. Gåvene blir delt ut på sama måte som i dei andre prosjekta.
Pengegåve: Vi er mange organisasjonar som er med på dette, men har felles pengeinnsamling gjennom Eid Røde Kors. Dei som ønskjer å støtte kan sende pengar på VIPPS til 21181 eller sett beløpet inn på Eid Røde kors sin konto 3705.45.32505, merk betaling/VIPPS med Juleglede i Stad.
Er det bedrifter som ønskjer å støtte og samstundes få gåva innberetta til skattetrekk for dette av Røde Kors så må de:
a. Føre beløpet på kontonummer: 1506 50 79280 (tilhøyrer Røde Kors sentralt).
b. Merke pengegåva: «Eid Røde Kors», då går pengane til den humanitære aktiviteten i regi av Eid Røde Kors. Om dette vert gløymt vil pengane gå til anna viktig humanitær aktivitet i Norge.
c. Sende ein epost til thomas.brekke@rodekors.org og gi beskjed om kva bedrift som har støtta og beløpet de har støtta med.
Storleiken på gåver som vert innberetta er minimum kr. 500,- og maks 25.000,- (samla gåvebeløpt til organisasjon gjennom året).
Treng du ei matkasse eller ei gåve?
Dersom du er i ei lavinntektshushaldning i Stad kommune, treng ei gåve eller ei matkasse, og du ikkje er i kontakt med NAv, Barnevern eller andre tenester i kommunen - / ingen har spurt deg om du treng det.
Då kan du ta direkte kontakt med Selje frivillig sentral eller Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042 eller helst fylle ut skjema som du finn her, så kan vi ordne det aller meste.
Med helsing
Selje Røde Kors, Selje Sanitetsforening, Bryggja Sanitetsforening, Kjølsdalen Sanitetsforening, Nordfjordeid Sanitetsforening, Eid Røde Kors, Alti Nordfjord, Stad kyrkjelege fellesråd, Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral
Del på:
-
julemiddag saman
🎄✨ Velkomen til ei koseleg førjulssamling 17. desember! ✨🎄 Du er herved invitert til ei varm og triveleg førjulssamling med god julemat, musikk, underhaldning og ekte julestemning! ❤️ Her blir det tid til både gode samtalar, latter, fellesskap og hyggelege stunder saman. ❤️ Alle er velkomne! Du kan kome åleine eller saman med nokon. Det viktigaste er at vi får ei fin førjulsstund i lag. Men viktig at ein melder seg på slik at vi veit kor mange som kjem. Påmeldingsfrist er 7.desember . Ring eller send ein sms til Nanda Diakon tlf.: 979 90 447 . Treng du skyss? Hugs å gi beskjed om det slik at ein kan organisere dette. Arrangør er Stad kyrkjeleg fellesråd og Selje frivilligsentral. Med støtte / pengegåve frå Nordfjord AS <3 Dato: Torsdag 17. desember 2026 Stad: Frimannsbuda i Selje
-
Møteplass for handverk og hobby
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.