-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.Tiltaket er finansiert av midlar frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR (Barne og ungdomsdirektoratet) Desse midlane har gjort det mogleg å tilsetje ungdom og ein arbeidsleiar for prosjektet som varer heile juni månad.
BUA og sommarmøteplassen er open man - ons og fredag 11 - 17 og tys og torsdag 14-20, og vi oppfordrar alle til å ta turen innom for å vere i lag og for å låne gratis utstyr til aktivitet og friluftsliv.
I tillegg til open møteplass og open BUA blir det arrangert ulike aktivitetar både ute og inne .Nokre aktivitetar er planlagde, medan andre skjer spontant – alt etter vêret og kven ein finn på.
Følg gjerne BUA Selje på Facebook og på Instagram for oppdatert program og informasjon. Vi heng også opp plakatar i lokala med aktivitetane som skjer frå dag til dag.
Del på:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Årsmelding Selje frivilligsentral 2025
Her kan du lese årsmeldinga for Selje frivilligsentral. Har du spørsmål eller innspel, er du velkomen til å ta kontakt.
-
Klesbytte dag