-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.Der er også informasjon om Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, Frivilligkveld til hausten, tilskot til organisasjonar som vil lage aktivitet på ein av sommarmøteplassane og om Eid Frivilligsentral sitt 30 års jubileum.
Neste nyhendebrev er planlagt i første halvdel av august. Men det kan hende at det kjem ei ekstraordinær sommarutgåve før den tid. Følg med, følg med!
Treng de råd og rettleiing i drift av frivillige organisasjonar, så ta kontakt med:
Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 (feriestengt hovudsakleg i veke 29-31)
Selje Frivilligsentral tlf. 95869223 (feriestengt hovudsakleg i veke 22-24)
Ha ein fin sommar!
Nyhendebrev - 2 - 26
Del på:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Årsmelding Selje frivilligsentral 2025
Her kan du lese årsmeldinga for Selje frivilligsentral. Har du spørsmål eller innspel, er du velkomen til å ta kontakt.
-
Klesbytte dag