-
Møteplass for handverk og hobby
Sy- Hekle - Fixe - Strikke
Kvar torsdag fram til ut april er det møteplass med tema handarbeid. Møteplass og læringsarena. For dei som interessera seg for handarbeid og for dei som vil bli interessert:) Små barn (under 12 år ) må ha med /komme saman med ein vaksen.Ta gjerne med deg strikketøyet/prosjektet ditt hit både for det sosiale, men og om du treng hjelp eller triks.
Har du noko du skal sy inn, legg opp eller liknande ? Vi har ei til to symaskiner. Så det er fint om du tek med eiga om du har.
Eller har med andre ting å halde på med mens ein venta i kø.
Vi har og ein god del stoff, glidelåsar, strikkepinnar, tråd, knappar m.m som ein kan bruke fritt.
Her er også bøker, spel og anna kjekt å finne på når ein treng ei sypause;)
Tusen takk til dei som har donert og dei frivillige som gjer det mogeleg:)
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.