-
Møteplass for handverk og hobby
Godt nytt år og takk for det som har vore
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️Julegledeprosjektet 2025
Vi er mange i dette store fellesprosjektet og alle spelar ei viktig rolle til at vi får det til.
Takk til alle som har kjøpt gåve og gitt pengegåver, til dei som har pakka og levert matkasser! Takk til dei som tek i mot og til dei i teneste som kjenner til behovet og sørga for at alt kjem fram til rett person.
Over 180 matkasser er pakka og levert til hushaldninga, 104 ønskjetre gåver er innfridd, 228 juleglede gåvekort er delt ut og mange julegåver til ein ukjend er delte ut.
Takk til kvar enkelt privatperson, frivillige, lag /org, bedrifter og andre som har vore med og har vore med og spreidd ekstra juleglede og gjort ein forskjell.
Oversikt over alle som er med i organisering og som har gitt støtte, gåver og praktisk hjelp som har gjort dette mogeleg:
Eid Røde kors Hjelpekorps og Eid Røde kors Omsorg, Selje Røde kors Hjelpekorps, Selje Røde kors Omsorg, Selje Sanitetsforeining, Nordfjordeid sanitetsforeining, Bryggja Sanitetsforeining, Kjølsdalen Sanitetsforeining, Lions Nordfjordeid, eigenorganiserte frivillige, Alti, Stad vekst, privatpersonar og familiar, Stadlandet skule, Nordfjord AS, Sparebanken 1 Sogn og Fjordane, Trekaffien v / Ervik Sokn, Fiskevegn,Sparebanken Norge
Teneste i Stad kommune: Nav Nordfjord, Barnevernstenesta i Stad, skulehelsetenesta i Stad, Opplæring og integrering i Stad, Bu og miljøtenesta i Stad, kyrkja i Stad, Selje frivilligsentral og Eid Frivilligsentral.
Det er eit fantastisk samarbeid, og vi er så takksame for at dette er mulig å få til.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.