-
Møteplass for handverk og hobby
TUSEN TAKK 🥰
Selje frivilligsentral har fått tildelt gåvemidlar frå Nordfjord AS, Fiskevegn, SpareBank 1 SMN og Selje sanitetsforening– midlar som går til verdifulle tiltak i lokalsamfunnet vårt 🥰Det er viktig å møtast og skape gode opplevingar saman med andre. Takket vere desse gåvemidlane kunne frivilligsentralen, i samarbeid med kyrkja, invitere til julemiddag og sosialt samvær. Vi vart ein fin gjeng som fekk ei kjekk stund i lag ❤️
Her fekk vi nyte god julemat i godt selskap, synge og danse, leike pakkeleik og høyre festleg levande musikk frå Stadlandet spellemannslag 🎄🪗🎶
Tusen takk!
Ei stor takk går også til Frimannsbua Selje, som gav av tida si – det var med på å gjere dette mogleg 🥰
Og ikkje minst: Vi har framleis midlar att, slik at vi kan skape fleire viktige og inkluderande møtestader framover 🥰
Det er også mange å takke for pengegaver til julegledeprosjektet. Dette blir i en eigen post /sak. 🥰
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.