-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
Støtt Julegledeprosjekta 2025!
Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!Vil du bidra?
Matvarer: Du kan bidra på på fleire måtar. I alle daglegvareforretningar i Stad vil det stå handlevogner der du kan legge opp i matvarer med god haldbarheit som vi legg i matkassene.
Julegåver til barn: På Alti Nordfjord står det eit juletre med gåveønskjer frå born i heile kommunen. Der kan du plukke med deg eit ønskje og oppfylle det. Frivilligsentralane og kommunale tenester syt føre at gåva kjem fram til jul.
Julegåve til ein ukjend: Du kan også gi julegåver til vaksne eller familiegåver. Det gjer du ved juletreet midt i Alti Nordfjord, eller til Selje Frivilligsentral tlf. 95869223. Heimestrikka ting og gåvekort er svært populære gåver. Desse gåvene treng du ikkje pakke inn, men du kan viss du vil. Vi er uansett nøydde til å opne dei slik at vi veit at alt er OK.
Pengegåve: Vi er mange organisasjonar som er med på dette, men har felles pengeinnsamling gjennom Eid Røde Kors. Dei som ønskjer å støtte kan sende pengar på VIPPS til 21181 eller sett beløpet inn på Eid Røde kors sin konto 3705.45.32505, merk betaling/VIPPS med Juleglede i Stad.
Er det bedrifter som ønskjer å støtte og samstundes få gåva innberetta til skattetrekk for dette av Røde Kors så må de:
a. Føre beløpet på kontonummer: 1506 50 79280 (tilhøyrer Røde Kors sentralt).
b. Merke pengegåva: «Eid Røde Kors», då går pengane til den humanitære aktiviteten i regi av Eid Røde Kors. Om dette vert gløymt vil pengane gå til anna viktig humanitær aktivitet i Norge.
c. Sende ei melding til Dag Sætren på tlf. 98053080 eller på epost dag.satren@gmail.com og gi beskjed om kva bedrift som har støtta og beløpet de har støtta med.
Storleiken på gåver som vert innberetta er minimum kr. 500,- og maks 25.000,- (samla gåvebeløpt til organisasjon gjennom året).
Treng du ei matkasse eller ei gåve?
Dersom du er i ei lavinntektshushaldning i Stad kommune, treng ei gåve eller ei matkasse, og ingen har spurt deg om du treng det. Då kan du ta direkte kontakt med Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042 eller helst fylle ut skjema som du finn her, så kan vi ordne det aller meste.
Med helsing
Selje Røde Kors, Selje Sanitetsforening, Bryggja Sanitetsforening, Kjølsdalen Sanitetsforening, Nordfjordeid Sanitetsforening, Eid Røde Kors, Alti Nordfjord, Stad kyrkjelege fellesråd, Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral
Del på:
-
Julemiddag saman med andre
VIKTIG å melde på innan fristen 8.desember! Ta med i påmeldinga om du treng skyss. Tilbodet gjeld for folk i heile kommunen. Vi fyller opp til det er fullt:)
-
Er du ungdom og interessert i frivilligheit?
Ungdom er invitert til å møtast for å snakke ilag om nettopp frivilligheit. Kvar onsdag i november kl 14.15 - 15.30 - Vi startar kvart møte med pizza :) Det er kjekt og nyttig å møtast. Kanskje ein kan inspirere kvarandre og skape noko spennande saman? Eller sette fokus på noko viktig for framtida? Vaksne/ frivillige er også velkomne. Les meir:
-
Aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar
Selje frivilligsentral fekk nokre midlar til aldersvenleg frivilligheit og lågterskel møteplassar. Vi har hatt eit ope møte og vidare framover vil det vere fire lågterskel/ opne møteplassar på Frivilligsentralen / Innbyggjartorget med dette som tema. Kvar onsdag i november kl.: 12. 30 til 14.45/15.00 K.: 14.15 blir det pizza/ fellesmåltid saman med ungdommane som skal til med sitt møte om frivilligheit.
-
Spelemidlar 2026 - Søknadsfrist 15.oktober 2025 - Kurs i å skrive søknad: 16. og 25 . september
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? Då er søknadsfristen 15. oktober. Kurs i å skrive søknad kan du delta på enten 16. eller 25 september. Sjå meir info: