-
Møteplass for handverk og hobby
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!5.desember er ein nasjonal merkedag der vi skal hylle alle dei som gir av tida si, engasjementet sitt og hjartet sitt for at lokalsamfunnet vårt skal vere ein god plass å bu. Frivilligheita ber oss, løfter oss og bind oss saman – kvar einaste dag.
Takk til deg som stiller opp som trenar, stadven, styremedlem, besøksven, vaffelsteikar, kulturberar, natteramn, sjåfør, aktivitetsleiar – og alt imellom. Takk til alle små og store innsatsar som kanskje ikkje alltid blir lagt merke til, men som betyr meir enn vi anar.
Den 5.desember vil vi utfordre alle til å stoppe opp og kjenne etter:
Kva betyr frivillighet for deg? Kven har gjort ein forskjell i livet ditt?
Bruk gjerne anledninga til å:
-Legge ut eit innlegg eller ei historie på Facebook
-Sende ei melding til ei ildsjel som har hatt innverknad på deg
- Ta kontakt med eit lag eller ei foreining du ønskjer å støtte eller bli med i
-snakke med barna dine / elevane dine om frivilligheit
Saman kan vi vise kor mykje frivillig innsats betyr – både for fellesskapet og for den enkelte.
Til alle frivillige lag og organisasjonar:
Skal de markere Frivillighetens dag eller arrangere noko? Legg gjerne arrangementet ut på stad.foreningsportal.no , slik at fleire får det med seg og kan vere med!
💚 Tusen takk til alle som bidreg – de er ryggrada i lokalsamfunnet vårt!
På bilde frå venstre: Ole Reinhardt Bugjerde, Unge frivillige / Innsats for andre elevane: Malin Rundereim , Jewel Doorenspleet og Oliver Olsen Fure
Tatt på Frivilligkvelden på Bryggja tidligere i år.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.