-
Møteplass for handverk og hobby
Er du ungdom og interessert i frivilligheit?
Ungdom er invitert til å møtast for å snakke ilag om nettopp frivilligheit. Kvar onsdag i november kl 14.15 - 15.30 - Vi startar kvart møte med pizza :) Det er kjekt og nyttig å møtast. Kanskje ein kan inspirere kvarandre og skape noko spennande saman? Eller sette fokus på noko viktig for framtida? Vaksne/ frivillige er også velkomne. Les meir:Det å vere frivillig er som å ha ein meiningsfull hobby. Det er å gjere noko du likar og som samtidig gir stor glede for andre med positive ringverknadar i og for heile lokalsamfunnet.
Når du kjem for å delta på møtet startar vi med eit fellesmåltid saman med ei anna gruppe som har hatt møte om lågterksel møteplassar og aldersvennleg frivilligheit. Fint å då også då kan snakke ilag om alt og/ eller ingen ting :)
På frivilligsentralen / Innbyggjartorget har vi også bøker, BUA, bordtennisbord og brettspel.
So du kan spele eller låne med deg noko før du fer heim :)
Dagleg leiar i Selje frivilligsentral blir til stades. Og kan svare på spørsmål, notere idear o.l
Er du vaksen og vil vere frivillig på desse møteplassane? Er det berre å ta kontakt eller komme innom.
Oppgåver kan vere å steike pizza, dekke på, rydde, og ellers berre vere med som trygg og engasjert vaksen:)
Selje frivilligsentral planlegg å ha liknade møter på Stadlandet. Er det nokon som har tips om eit bra lokale og ynskjer å vere med å få det til?
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.