-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
Aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar
Selje frivilligsentral fekk nokre midlar til aldersvenleg frivilligheit og lågterskel møteplassar. Vi har hatt eit ope møte og vidare framover vil det vere fire lågterskel/ opne møteplassar på Frivilligsentralen / Innbyggjartorget med dette som tema. Kvar onsdag i november kl.: 12. 30 til 14.45/15.00 K.: 14.15 blir det pizza/ fellesmåltid saman med ungdommane som skal til med sitt møte om frivilligheit.Selje Frivilligsentral har fått midlar til prosjektet om aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar .
Vi hadde oppstart med eit ope møte for alle personar og organisasjonar som tykkjer dette høyers interessant ut.
Kva vi snakka om kan du lese om
Her kan du lese med om stønadsordninga og midlane.
I søknadsordninga sto det følgjande to mål:
1: Fremme aldersvennleg frivilligheit: Bidra til å mobilisere eldre som ressursar i frivillig sektor og skape meir aldersvenlege strukturer
2:Utvikle møteplassar: Sikre lågterskel tilbod for eldre for å fremme sosial deltaking, aktivitet og fellesskap.
Selje frivilligsentral søkte om ein ide med namn : Tid som gåve.
Der målet er å synleggjere eldre som ein ressurs og skape meiningsfull deltaking på tvers av generasjonar.
Vi startar med eit ope møte for alle personar og organisasjonar som tykkjer dette høyers interessant ut.
Her kan ein lese litt meir frå søknadsteksten:
Dette tiltaket (Tid som gåve) har som mål å mobilisere eldre som ein aktiv ressurs i frivillig sektor, og leggje til rette for at dei kan bruke si erfaring, kunnskap og sosiale evner i teneste for fellesskapet. Mange eldre har tid og ønske om å bidra, men treng ein lågterskel inngang til frivillig arbeid. Programmet vil byggje på prinsippa om aldersvennleg frivilligheit – det skal vere fleksibelt, meiningsfullt og sosialt.
Vi vil og prøve å få til samarbeide med andre organisasjonar som besøksvenn, Sanitet ,barnehage, valfaggruppe på skulen - Innsats for andre m.fl
Aktivitetar og moglegheiter som kan vere noko å vurdere:
• Besøksvenn: Fleire eldre kan bli besøksvener for andre eldre som bur åleine, på institusjon eller i omsorgsbustad. Dette kan innebere alt frå kaffibesøk og småprat til følgje til aktivitetar. Kva skal til for å legge betre til rette for dette.
• Høgtlesing og forteljing i barnehagar/skular: Mange eldre har sterke forteljingsevner og levd liv som skaper interesse og læring hos barn. Dei kan lese barnebøker, fortelje historier frå eige liv, eller bidra med språkstimulering. Barnehagen kan komme til dei.
• Turven – “gå saman”: Organisere gå- grupper der eldre frivillige følgjer andre på tur – anten som fysisk støtte eller sosial motivasjon. Dette passar for dei som ønskjer lett fysisk aktivitet kombinert med sosialt fellesskap. Her kan vi samarbeide med kløvertur til saniteten.
• Sy og prat: Eldre med interesse for Sying og handarbeid kan bidra som frivillige i felles aktivitetar, som “Sy og fix kveld”
• Kulturformidlarar: Dei som har bakgrunn innan handverk, musikk, dans eller kunst kan leie enkle verkstader eller bidra i kulturarrangement for barn, ungdom eller andre eldre.
• “Erfaringsdeling og livsmeistring”: Eldre kan stille som ressursar i gruppesamtalar for yngre menneske – til dømes ungdom, pårørande, eller andre eldre – der livserfaring og refleksjonar er verdifulle.
Digital treff: fokus på å hindre digitalt utanforskap.
Vi ønskjer også å sjå på korleis vi kan gi eldre på institusjon moglegheitene å vere frivillige/ein ressurs. Igjennom samarbeid med barnehagen og skuleklassar. At dei eldre kan bruke av si tid til å fortelje og dele sin kunnskap om ulike tema. Og eventuelt vere leksehjelp m.m .
Organisering og rekruttering:
• Prosjektet blir koordinert av dagleg leiar i frivilligsentralen.
• Det vert halde ein “introdag” der interesserte eldre får informasjon, møter kvarandre, og kan velje kva dei ønskjer å bidra med, kva ein skal gå vidare med.
• Det skal vere låg terskel for deltaking, og moglegheit for både faste og meir spontane oppdrag.
• Alle frivillige får enkel opplæring om nødvending og blir inkludert i eit sosialt fellesskap – til dømes med månadlege treff og takkesamlingar.
Det er ein veg inn der ein kan få individuelt tilpassa etter behov og ynskje. Og eventuelt vist vidare i korleis ein kan bidra inn i ein bestemd org om ein ynskjer det, eller vere egen organisert frivillig med tilrettelegging etter behov med hjelp av frivilligsentralen ( og andre nødvendinge)
Ein får fokus på å tilpasse tilbod og legge tiltrette / lage ein fleksibelheit som trengst. (syn, høyrsel, tempo , osv)
Vi tenkjer tiltaket vil:
• Skape meir meiningsfull kvardag for eldre som ønskjer å bidra.
• Styrkje den mellommenneskelege kontakten i lokalsamfunnet.
• Redusere einsemd både blant frivillige og mottakarar av tiltaket.
• Gi fleire eldre ein tydeleg plass og stemme i frivillig arbeid.
Del på:
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Årsmelding Selje frivilligsentral 2025
Her kan du lese årsmeldinga for Selje frivilligsentral. Har du spørsmål eller innspel, er du velkomen til å ta kontakt.
-
Klesbytte dag
-
Møteplassen for ungdom
Tilbod for ungdomskuletrinnet. Kvar onsdag kl 18 - 20. På frivilligsentralen/kommunehuset, Nabben 80. Her er det kjekt og trygt å vere! Frivillige vaksne / foreldre er tilstede. Om du bur utanfor sentrum kan du melde deg på LTU taxi. 30 kr pr pers. Det gjer du når du kjem til Møteplassen ved å kontakte den/dei vaksne.