-
Møteplass for handverk og hobby
Sommarmøteplass og BUA Selje
Sommarmøteplassen og BUA Selje er ope i tidsrommet man, tys og fredag frå 11 – 17.00 og tysdag og torsdag frå 14.00 – 20.00 Etter kl. 15.30 er møteplassen kun for ungdom 13 – 18 år. Hovud sommarmøteplassen vil vere på Innbyggjartorget. Og nokon gangar vil ein arrangere ulike aktivitetar ute ved sanden og parken. (noko for familar og noko for ungdom) Det vil bli oppdatert info på facebook og Instagram. Og vi heng plakat på døra både på Innbyggjartorget og Strand BUA.
Sommarhjelpene har og ansvar for BUA Selje. Både StrandBUA v/ Seljesanden og LandBUA på Innbyggjertorget.
På den opne møteplassen på Innbyggjartorget vil det vere mulig å komme innom å spele brettspel, sjakk, bordtennis og playstation. Her er og teiknesaker. Ein kan og sjølvsagt lese og låne bøker i biblioteket og låne med seg noko heim frå BUA.
Etter 15.30 er møteplassen kun for ungdom i alderen 13 – 18 år.
Tysdagar og torsdagar frå 17 – 19.30 vil det vere noko litt ekstra med diverse leikar, ev. konkurransar og litt snacks 😊
Innbyggjertorget med bibliotek og Frivilligsentral er open man - fre 9.30 - 15.30. Her er også landBUA og skrankevakta i innbyggjertorget kan hjelpe om du vil låne noko frå "land"BUA ! " StrandBUA opnar når Sommarhjelpene kjem på jobb!
Ved hjelp av midlar frå gjensidige stiftinga har vi kunne tilsett sommarhjelper som skal arrangere møteplassar og drifte BUA Selje sommaren 2025.
Midlane dekkjer også Sofie Reiakvam si stilling som arbeidsleiar for prosjektet.
Har ein spørsmål om noko kan ein ringe Stad kommune og bli sett over til arbeidsleiar.)
Lik oss og følg oss på facebook og Insta: bua_selje 
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.