-
Møteplassen for ungdom
Tilbod for ungdomskuletrinnet. Kvar onsdag kl 18 - 20. På frivilligsentralen/kommunehuset, Nabben 80. Her er det kjekt og trygt å vere! Frivillige vaksne / foreldre er tilstede. Om du bur utanfor sentrum kan du melde deg på LTU taxi. 30 kr pr pers. Det gjer du når du kjem til Møteplassen ved å kontakte den/dei vaksne.
Påmelding - Stand på Innbyggjartreffet 2024 og deltaking på Inspirasjonssamling (for lag, organisasjonar, eigenorganiserte frivillige, tilsette, politikarar og andre interesserte i Stad kommune)
Velkomne til å vise fram dykkar aktivitet/organisasjon på Innbyggjartreffet i Stad 2024. I tillegg ynskjer vi å invitere til inspirasjonssamling tidlegare på dagen. Bli med du også i Operahuset Nordfjord - laurdag 31. august 2024. Tema for dagen: LA OSS INVITERE FLEIRE MED!Program for dagen:
kl. 09.30 Registrering for Inspirasjonssamling
kl. 10.00 Inspirasjonssamling Tema: La oss invitere fleire med!
(for lag, organisasjonar, eigenorganiserte frivillige, tilsette, politikarar og andre interesserte i Stad kommune)
ca. kl. 12.15 Pizzalunsj for deltakarane på inspirasjonssamlinga.
kl. 13.00 - 14.00 Rigging av stand til innbyggjartreffet.
kl. 14.00 - 16.00 Innbyggjartreff
(NB! Publikum på innbyggjartreffet treng ikkje å melde seg på! Opne dører og gratis inngang.)
kl. 15.00 Kakefest
kl. 16.00 Gratis kino
Dette vert storsamling og fest for innbyggjarar, lag og organisasjonar, tilsette og politikarar i Stad kommune.
Dei som vil delta på inspirasjonssamling og /eller ha Stand på Innbyggjartreffet må melde seg på via dette skjema:
(Gjeld også for kommunetilsette og kommunestyrerepresentantar)
PÅMELDING HER
Del på:
-
Sy- Hekle - Fixe - Strikke
Kvar torsdag fram til ut april er det møteplass med tema handarbeid. Møteplass og læringsarena. For dei som interessera seg for handarbeid og for dei som vil bli interessert:) Små barn (under 12 år ) må ha med /komme saman med ein vaksen.
-
Godt nytt år og takk for det som har vore
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️
-
TUSEN TAKK 🥰
Selje frivilligsentral har fått tildelt gåvemidlar frå Nordfjord AS, Fiskevegn, SpareBank 1 SMN og Selje sanitetsforening– midlar som går til verdifulle tiltak i lokalsamfunnet vårt 🥰
-
Julemiddag saman med andre
VIKTIG å melde på innan fristen 8.desember! Ta med i påmeldinga om du treng skyss. Tilbodet gjeld for folk i heile kommunen. Vi fyller opp til det er fullt:)