-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
Sommarhjelp - Søknadsfrist 7.juni 2026
Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen og BUFDIR, tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdomar i Stad kommune f. 2012 - 2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:Ungdom i alder 14 - 18 år som har folkeregistrert bustadadresse i Stad kommune kan søkje.
Arbeidsperioden varer i 2 veker.
Arbeidsstad Selje eller Nordfjordeid.
Oppstart frå veke 28.
Kva går jobben ut på:
Som sommmarhjelp skal du skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte utlånsordninga BUA.
Ein skal jobbe i eit team på to - tre stk. sommarhjelper.
Ein vil få god opplæring og blir følgt opp av ein arbeidsleiar.
Hovudoppgåver til Sommarhjelpene:
-Lage til aktivitetar og møteplassar for ungdom.
Nokon av aktivitetane i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.
- Drifte BUA.
lære seg BUA systemet, utlån, halde ordne på lokale og aktivitetsutstyret.
Alle som søkjer Sommarhjelp må legge ved ein CV i søknadsskjema.
Sjølv med liten eller ingen arbeidserfaring kan, og bør ein lage ein CV.
Klikk på lenkene/ blå knappane for gode tips:
Korleis skrive ein god CV Døme på CV/ CV mal
SØK på Sommarhjelp jobb her: SØKNADSKJEMA
!Når ein søkjer skal ein krysse av for kva veker ein veit sikkert at ein kan jobbe.
(ein kan krysse av for fleire alternativ om det er tilfelle)
Pass på å planlegg godt for vi kan ikkje justere etter kvar enkelt i ettertid.
Altså om ein får tilbod om jobb og det viser seg at ein for eksempel kun kan jobbe ei av vekene pga andre planar, so må ein takke nei og jobben går til neste på lista. )
Dei som ikkje har jobba som sommarhjelp før og/eller ikkje har andre jobbar i sommar, vil bli prioritert.
Ta kontakt om ein har spørsmål
_______________________________________________________________________________________________________
*Er du over 20 og vil søkje på jobben som arbeidsleier?
Les om og søk på jobben
*Vil ditt lag/org. lage, ein aktivitet for born og unge i sommarferien?
Ein kan då fylle ut eit enkelt søknadsskjema og få tilskot på kr 1500,- til aktiviteten/laget.
Les meir HER
Ta kontakt med dagleg leiar i Selje eller Eid frivilligsentral.
Del på:
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Årsmelding Selje frivilligsentral 2025
Her kan du lese årsmeldinga for Selje frivilligsentral. Har du spørsmål eller innspel, er du velkomen til å ta kontakt.
-
Klesbytte dag
-
Møteplassen for ungdom
Tilbod for ungdomskuletrinnet. Kvar onsdag kl 18 - 20. På frivilligsentralen/kommunehuset, Nabben 80. Her er det kjekt og trygt å vere! Frivillige vaksne / foreldre er tilstede. Om du bur utanfor sentrum kan du melde deg på LTU taxi. 30 kr pr pers. Det gjer du når du kjem til Møteplassen ved å kontakte den/dei vaksne.