-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang.
Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Utvida Svarfrist :4.desember.Svara frå frivilligheta er med å forme framtida. Nettopp ved å fortelje kva som er bra, kva som er vanskeleg eller utfordrande og kome med å kome med idear og innspel på korleis det kan bli betre og enklare å vere frivillig i Stad.
Har ikkje ditt lag/ organisasjon fått e- post? Ta kontakt med Stad kommune v/Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 eller Selje Frivilligsentral tlf. 95869223
Les meir om undersøkinga her:
Stad foreningsportal: Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
Les også fine innlegg i lokalavisene våre:
Fjordenes Tidende - Vil lage felles arena for å løfte fram frivilligheita
Fjordabladet: – Aldri blitt gjort i dette omfanget før

Del på:
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Årsmelding Selje frivilligsentral 2025
Her kan du lese årsmeldinga for Selje frivilligsentral. Har du spørsmål eller innspel, er du velkomen til å ta kontakt.
-
Klesbytte dag
-
Møteplassen for ungdom
Tilbod for ungdomskuletrinnet. Kvar onsdag kl 18 - 20. På frivilligsentralen/kommunehuset, Nabben 80. Her er det kjekt og trygt å vere! Frivillige vaksne / foreldre er tilstede. Om du bur utanfor sentrum kan du melde deg på LTU taxi. 30 kr pr pers. Det gjer du når du kjem til Møteplassen ved å kontakte den/dei vaksne.