-
Møteplass for handverk og hobby
Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
Det skal i perioden 30. okt. - 12.nov. gjennomførast ei kartlegging av alle frivillige organisasjonar i Stad kommune. Kontaktpersonar for lag og organisasjonar i Stad kommune vil i forkant av denne bli kontakta av Eid eller Selje frivilligsentral der ein vil få meir informasjon om kartlegginga og kvifor det er viktig å få høg svar prosent på den.I telefonsamtala ynskjer å få gitt ein kort informasjon om kartleggingsundersøkinga og oppfordre om å delta slik at vi får ei oppdatert og grundig oversikt over korleis frivilligheita i Stad kommune har det. Det er også ein fin anledning til å bli betre kjent og dele nyttig informasjon og stille spørsmål om ein har.
Det er Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll som på oppdrag frå Stad kommune skal gjennomføre sjølve kartlegginga.
Kontaktpersonar for laget vil få epost med nokre spørsmål ein skal besvare. Spørsmåla dreiar seg om kva vi har av lag og foreiningar: I tillegg vil spørsmåla omhandletema som rekrutering, samarbeid, økonomi, lokale, mål og hindringar. Spørjeskjema vil ta ca. 20-25 min å fylle ut.
Kartlegginga vil skje frå 30. oktober til 12. november.
Dersom organisasjonar har spørsmål eller treng hjelp til utfyllinga vil Frivilligsentralane vere tilgjengelege på telefon og epost i heile denne perioden for å kunne bistå.
Kartlegginga vil munne ut i en rapport basert på organisasjonane sine svar og blir grunnlaget for vidare samarbeid om ny frivilligpolitikk frå 2024 .
Det er og ein ypparleg sjanse for innbyggjarane, organisasjonane sjølve og kommunen å få betre oversikt over kva vi har og kva vi kan gjere i lag. Det vil også gjere det lettare å nå målet i Frivilligpolitisk plattform om at det skal vere enkelt å vere frivillig i Stad.
Det å delta på kartlegginga er såleis meget viktig for lokal frivilligheit og lokalsamfunnet vårt.
Oversikta over lokale lag og organisasjonar og deira kontaktpersonar er henta ut i frå Brønnøysundregisteret og frå Stad foreningsportal.
Vi oppfordrar alle om å halde den informasjonen oppdatert og/eller ta kontakt med frivilligsentralen ved spørsmål eller informasjon.
Stad Foreningsportal finn du her: https://stad.foreningsportal.no/foreninger
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.