-
Møteplassen for ungdom
Frisklivssentralen arrangerer kvardagsgledekurs! (18 år og opp)
Kurset passar for folk over 18 år som ynskjer å ta grep om kvardagen. Kvardagsglede handlar om kva som skapar gode kvardagsopplevingar og det bidrar til å styrke di psykiske helse. Kurset handlar om korleis du, med fem grep og konkrete øvelsar, kan oppleve auka kvardagsglede. Kurset går over 6 kursdager, torsdagar kl. 12.30 – 15.00 frå 19. oktober til 23. november i Selje. Vi planlegger for kursrekker 2 ganger i året, annankvar gang i Selje og på Nordfjordeid.Del på:
-
Sy- Strikk - Fix
-
Godt nytt år og takk for det som har vore
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år! Samstundes vil vi rette ei stor takk til alle lag og organisasjonar, frivillige og andre eldsjeler for aktivitetar, tilbod, arrangement, verv og alt anna engasjement i året som har gått. Det siste store samskapingsprosjektet for Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral i 2025 var Juleglede i Stad kommune. Nedanfor kan du lese meir om kven som er med/driv prosjekta, kven som har støtta, samt annan informasjon om Juleglede prosjekta 2025 Ei stor takk til alle involverte ❤️
-
TUSEN TAKK 🥰
Selje frivilligsentral har fått tildelt gåvemidlar frå Nordfjord AS, Fiskevegn, SpareBank 1 SMN og Selje sanitetsforening– midlar som går til verdifulle tiltak i lokalsamfunnet vårt 🥰
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!