-
Møteplass for handverk og hobby
STERK OG STØDIG - TRENINGSGRUPPE FOR SENIORER
Stad kommune søkjer etter lag, organisasjonar og andre frivillige som er interesserte i å etablere treningsgruppa Sterk og stødig Vi tilbyr GRATIS instruktørkurs og oppstartstilskot på 5000, til nyetablerte grupper.Målgruppa for treninga er vaksne (65+) som opplev endringar i funksjon og balanse.
Treninga gjennomførast ein gang i veka.
Instruktørane vil få jamleg oppfølging av fysioterapeut.
Vi håpar å kunne starte opp grupper i så mange bygdelag som mogleg.
Instruktørkurset består av 3 kursdagar som holdast på dagtid
12., 13. og 22. september.
Frist for påmelding er 7. september.
Stad: Bryggja omsorgssenter. Lunsj er inkl.
Ta kontakt med fysio og ergoterapitenesta i Stad kommune v/ fysioterapeut Emilie Nyheim Tlf.: 901 90 404
E - post : emilie.nyheim@stad.kommune.no
Eit Frisklivsamarbeid mellom Stad kommune ved fysio og ergoterapitenesta, Frivilligsentralane og Aldring og helse Nasjonalt senter.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.