-
Møteplass for handverk og hobby
Sommarjobb for ungdom 14 - 20 år
Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidige-stiftelsen, Helsedirektoratet og Bufdir tilbyr omlag 25 ungdomar sommarjobb i 2 veker i sommar. Søknadsfrist 4.juni. Vi tilbyr og gratis CV skrivarkurs.Sommerjobbane blir lagt opp til 2 veker med arbeidstid seks timar pr. dag måndag til fredag.Det er to kategoriar sommarhjelpjobbar:
-Sommarhjelp aktivitet: Skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte BUA.
- Sommerhjelp omsorg: Skape sommaraktivitet for heimebuande eldre/eldre som bur på institusjon.
Arbeidsstadar: Nordfjordeid og Selje.
Søknadsfrist: Søndag 4. juni.
Oppstart frå veke 26-27.
Her finn du SØKNADSSKJEMA
Lær deg å skrive ein god CV!
Alle som søkjer på sommarhjelpjobbane
må legge ved ein CV.
Vi tilbyr CV-kurs på TEAMS:
Tysdag 23/5 og torsdag 1/6
kl. 18.00 – 19.00.
Ein kan delta på kurset heima i frå eller komme å delta på kurs på Eid frivilligsentral eller Selje frivilligsentral .
Lenke til kursa finn du her:
KURSLENKE 23.mai
KURSLENKE 1.juni

Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.