-
Møteplass for handverk og hobby
Frivilligkveld Onsdag 22.mars #Bryggja
Til alle frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune. Bli med på frivilligkvelden på Bryggja onsdag 22. mars kl. 17.30 - 20.30. Dette vert ein inspirerande kveld der vi ønskjer å samle breidda av frivillige organisasjonar i Stad og skape god dialog mellom organisasjonane og mellom organisasjonane og kommunen. Sjå meir info og finn lenke til påmelding nedanfor.Onsdag 22.mars kl 17.30 - 20.30
Målet for kvelden:
Ein god dialog mellom frivilligheita og kommunen der vi blir godt kjende med kvarandre og diskuterer idear, tankar og løysingar for felles utfordringar. I tillegg til inspirasjonsinnlegg, open runde, uformell prat og god mat skal vi ha dialogsamtalar kommune og frivillige saman rundt temabord kring 4 utvalde tema:
- Alle med - barn og unge i aktivitet
- Leve heile livet / frivillige i eldreomsorga/ helse i alt vi gjer
- Stadutvikling og gode nærmiljø + Anlegg for idrett og friluftsliv
- Kvardagsintegrering / kvardagsinkludering
PROGRAM
17.30 Oppmøte - litt og bite i - prat rundt borda
17.45 Kulturinnslag og Velkomne
18.00 Inspirerande historiar frå frivilligheita i Stad
18.30 Beinstrekk med prat og påfyll av energi
18.45 "Samtalen"
Dialogbord med tema der kommune og frivillige møtest. Alle må velje eit tema.
19.30 Kort beinstrekk
19.45 Oppsummering tema
20.00 Felles spørsmål - og svar
20.25 Avslutning og vel heim
20.30 Slutt
Påmelding HER
Frist: innan 20. mars
Er du mellom 13 og 19 år og treng skyss? Meld deg på HER i tillegg til å melde deg på frivilligkvelden.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.