-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
Julehelsing frå Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral
Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral tek no juleferie. Det har vore ei hektisk førjulstid og vi har vore aktivt involverte i 4 store juleprosjekt retta inn mot lavinntektshushaldningar i Stad kommune. Vi vil med dette rette ei stor takk til alle som har bidrege med gåver, pengar, frivillig innsats og administrativt samarbeid.107 matkasser er finansiert, handla inn til, pakka og omdelt. Eit fantastisk samarbeid mellom Eid Røde Kors, Selje Røde Kors, daglegvarebutikkane, Nordfjordeid sanitetsforening og andre engasjerte eldsjeler + alle som har bidrege med penngegåver og matvarer i handlekorger.
Eid Røde Kors omsorg har kjøpt inn 191 gåvekort til born i lavinntektshushaldningar. Desse er omdelt gjennom mange ulike kommunale tenester i Stad.
Over 100 ønskjetreønskjer er innfridd og over 500 innkomne julegåver er no klare til å bli pakka opp av sin ukjende mottakar på julafta. I samband med julegåveprosjekta vil vi rette ei takk til alle privatpersonar og bedrifter som har gitt gåver/gåvekort, Filadelfia Stad, Stadlandet skule, Selje sanitetsforening, Hove aktivitetssenter, Uniformspartner og Alti Nordfjord og alle kommunale tenester som har kartlagt gåveønskjer. Desse tenestene har vore heilt fantastiske i arbeidet med å nå ut til så mange som mulig med alle dei prosjekta vi har nemnt ovanfor.
Vi er også takksame for alle våre eigne frivillige som står på dag ut og dag inn for å gjere ein innsats i ein aktivitet dei er glade i og engasjerte for. I jula/romjula og nyttårshelga vil det m.a. vere 1-2 frivillige middagskøyrarar ute i teneste kvar dag, og engasjerte Stadvennar vil gjere ein innsats for at busette flyktningar får ei kjekkare julehelg/romjul.
Til slutt vil vi takke alle frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune for den innsatsen de gjer heile året. De skaper trivsel, moro og lokalt samhald. Tusen tusen takk!
Med dette vil Eid Frivilligsentral v/Astrid Grete og Selje Frivilligsentral v/Maria ønskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Del på:
-
Julemiddag saman med andre
VIKTIG å melde på innan fristen 8.desember! Ta med i påmeldinga om du treng skyss. Tilbodet gjeld for folk i heile kommunen. Vi fyller opp til det er fullt:)
-
Støtt Julegledeprosjekta 2025!
Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!
-
Er du ungdom og interessert i frivilligheit?
Ungdom er invitert til å møtast for å snakke ilag om nettopp frivilligheit. Kvar onsdag i november kl 14.15 - 15.30 - Vi startar kvart møte med pizza :) Det er kjekt og nyttig å møtast. Kanskje ein kan inspirere kvarandre og skape noko spennande saman? Eller sette fokus på noko viktig for framtida? Vaksne/ frivillige er også velkomne. Les meir:
-
Aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar
Selje frivilligsentral fekk nokre midlar til aldersvenleg frivilligheit og lågterskel møteplassar. Vi har hatt eit ope møte og vidare framover vil det vere fire lågterskel/ opne møteplassar på Frivilligsentralen / Innbyggjartorget med dette som tema. Kvar onsdag i november kl.: 12. 30 til 14.45/15.00 K.: 14.15 blir det pizza/ fellesmåltid saman med ungdommane som skal til med sitt møte om frivilligheit.