-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
Bli med på markeringa av Frivillighetens dag 2022 du også
Måndag 5. desember er frivillighetens dag. Dagen vert markert i Oslo med fagdag og festarrangment med m.a. utdeling av den nasjonale Frivilligprisen 2022.. Du treng ikkje reise heile vegen til Oslo for å bli med. Sjå heimafrå på pc, sett på storskjerm i klubbhuset? Eller kom innom å sjå konferansen på frivilligsentralen, Nabben 80.Fagkonferanse og prisutdeling:
Frivillighet Norge inviterer til Frivillighetens dag, som er et signalarrangement i Frivillighetens år 2022. Dagen er delt i to, og du kan delta både fysisk på Sentralen i Oslo og digitalt frå heile landet.
Fagkonferansen frå 10:00-16:30 er for alle i frivillig sektor. Vi skal snakke om ny forskning, trender og kunnskap som du kan bruke i din organisasjon i åra som kjem.
Etter konferansen, fra 17:30 - 19:15 blir det show, feiring og prisutdeling av de fire årlige prisene:
- Årets nykommer
- Helseprisen
- Årets frivillighetskommune
- Den nasjonale Frivillighetsprisen 2022
Bli med på den nasjonale feiringa du også. Klikk her for å lese meir om program og melde deg på til digital deltaking
Hurraaa for Frivillighetens dag 2022 - og til alle frivillige: Det er lov å feire seg sjølve litt ekstra på denne dagen!!!!
Del på:
-
Julemiddag saman med andre
VIKTIG å melde på innan fristen 8.desember! Ta med i påmeldinga om du treng skyss. Tilbodet gjeld for folk i heile kommunen. Vi fyller opp til det er fullt:)
-
Støtt Julegledeprosjekta 2025!
Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!
-
Er du ungdom og interessert i frivilligheit?
Ungdom er invitert til å møtast for å snakke ilag om nettopp frivilligheit. Kvar onsdag i november kl 14.15 - 15.30 - Vi startar kvart møte med pizza :) Det er kjekt og nyttig å møtast. Kanskje ein kan inspirere kvarandre og skape noko spennande saman? Eller sette fokus på noko viktig for framtida? Vaksne/ frivillige er også velkomne. Les meir:
-
Aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar
Selje frivilligsentral fekk nokre midlar til aldersvenleg frivilligheit og lågterskel møteplassar. Vi har hatt eit ope møte og vidare framover vil det vere fire lågterskel/ opne møteplassar på Frivilligsentralen / Innbyggjartorget med dette som tema. Kvar onsdag i november kl.: 12. 30 til 14.45/15.00 K.: 14.15 blir det pizza/ fellesmåltid saman med ungdommane som skal til med sitt møte om frivilligheit.