-
Møteplass for handverk og hobby
Gratulerer med frivillighetensdag 5.desember
Frivilligheita sitt år 2022 er snart over og i dag, 5 desember feirer og markerer vi frivilligheita sin dag! Selje frivilligsentral og Eid frivilligsentral vil med dette gratulere og takke alle eldsjeler og frivillige lag og organisasjonar for alt det viktige arbeidet de gjer for og i lokalsamfunnet vårt. Vi oppmodar alle til å sende ei takk eller ei merksemd til frivillige som har betydd noko for deg. Vi ynskjer å takke alle frivillige, store og små. Takk for at de skaper møte mellom menneske, levande bygder og bygde-/kulturhus, aktivitetar og tilbod, liv og røre. Frivilligheita byggjer gode samfunn og skaper utvikling, glede og meining i livet.! Takk <3 Under kan du finne lenke til to ulike premierer som kom ut i dag på frivilligheita sin dag. Du finn også lenkje til å følgje den nasjonale markeringa i Oslo.Den nasjonale markeringa av 5. desember
Her finn du lenke til miniserien frå sykkelturen 2022 og lenke til ei splitter ny handbok for frivillige i helse og omsorg.
og ikkje minst lenke til å følge/bli med på den nasjonale feiringa i Oslo.
Klikk her for å lese meir om program og melde deg på til digital deltaking
Miniserie om Frivilligsentralane i Norge (filmen om Sykkelturen 2022)
Nordfjord hadde besøk av sykkelturen 2022 den 22.juni, og vi var etappe nr. 33 nasjonalt. Vi er svært spente å sjå film frå vår sykkeltur og Nordfjord frivilligfestival. Det er laga 5 filmar frå sykkelturen som kvar på sin måte set lys på frivillig arbeid og frivilligsentralane i heile Noreg. Her er premieren av miniserie om frivilligsentralane i Norge 🤩🥳
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.