-
Møteplass for handverk og hobby
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar
Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitene, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltake no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver.Som frivillig birar du med det du ynskjer og so mykje som passar deg.
Med å melde seg her er ein ikkje bundet opp til noko meir enn at ein får tilgang til oppdrag ein kan melde seg til.
Når du melder deg vil du bli kontakta og få meir informasjon.
Og vi legg ein liten plan ilag ut i frå dine ynskjer og behov.
Og deretter blir ein kobla / matcha med nokon som treng ein Stadvenn.
Det er og viktig at du som frivillig fortel oss dine interesser, kompetanse, kva du vil bidra med.
Dette skriv du i kommentarfeltet. Ta kontakt på tlf.: eller e-post om du har spørsmål.
Dei frivillige kan både vere organisert i ein eksisterande foreining, og som eigen organisert frivillig.(Også kalla eldsjel.)
Det vil komme meir info om kva ein kan bidra med/kva behovet er.
So langt veit vi at det gjeld både
-nokon å gå tur med,
-nokon som kan vise rundt, fortelje om kva som er av frivillige organisasjonar, aktivitetstilbod m.m. ,
-digital hjelp,
-praktisk hjelp som til dømes klargjering av bustadar med meir.
-språk / kultur
-leksehjelp
-transport og bistand til ulike avtalar kan bli aktuelt.
Ein vil kunne melde seg til eit konkret oppdrag, men og mulig å følgje opp ein person/ein familie.
Her med tett dialog og samarbeid med frivilligsentralane som igjen har god kontakt og samarbeid med integreringstenesta og andre frivillige.
Alle frivillige som melder seg vel sjølv kva dei kan bidra med og kor mykje.
Ein vil skrive under taushetsplikt og i nokre tilfeller vil det vere krav om politiattest.
Kort sagt:
Vi engasjerer frivillige til å vere Stadvenn som
-styrker kontakten mellom mennesker på tvers av generasjoner og kulturer
- bidra til at ein blir fortare kjend med tilbod og aktivitetar i lokalsamfunnet
- hjelp og støtte til utfordringar innan språk, avtalar og system/digitalt.
- praktiske gjermål i førebuinga av bustadar
Frivilligsentralen formidlar kontakt mellom dei som ønskjer å bistå andre og dem som ønsker/treng å motta frivillig innsats.I tett samarbeid og dialog med integreringstenesta.
Selje frivilligsentral samarbeida og med dei skuleelevane som har valfaget; Innsats for andre.
Meld deg her: BLI STADVEN
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Sommarmøteplass og sommarBUA
Vi er godt i gang med Open Sommarmøteplass på Nabben 80 (Frivilligsentralen/BUA/kommunehuset) Gjennom heile juli vil ungdom og arbeidsleiar skape aktivitet, møteplassar og trivsel for born og unge, familiar og alle som er interessert.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.